Dei to siste dagane har politiet på Voss jakta på ein mann i fjellet.

Det har vore fleire hytteinnbrot den siste tida i området rundt Hamlagrøvatnet.

— Eg trur han ligg i ei ny hytte i natt, seier Einar Bystøl ved Voss Lensmannskontor. Han oppmodar folk til å sjekka hyttene sine.

I går var sju politifolk saman med to hytteeigarar ute for å finna mannen som kan stå bak innbrota.

- Er det «Vandreren» som herjar igjen?

— Nei, det trur eg ikkje, ler Bystøl.

Les meir: Tre års fengsel for «Vandreren».

Fann mannen på støl

Ein stølseigar fann mannen inne i stølshuset sitt, skriv avisa Hordaland.

Han hadde tydelegvis brote seg inn og overnatta der.

Mannen stakk av, men stølseigaren varsla politiet som rykte ut med alt ledig mannskap.

Ein hundepatrulje frå Bergen har og vore med på leitinga.

Ventar på nye innbrot

Ei stund såg politiet mannen, men han klarte likevel å stikka seg vekk.

— Det er eit stort område med mykje krattskog når du kjem innover, fortel Bystøl.

Politiet har brukt mykje tid i fjellet. I går var dei over åtte timar på leit etter mannen, kan han fortelja.

Det er ikkje tatt stilling til om leitinga skal takast opp igjen.

— Det er vanskeleg å vita kvar ein skal leita. No ventar vi på melding om nye innbrot, seier Bystøl.

Mannen skal vera rundt tretti år, slank, kanskje 1,90 høg og med mørk skjeggvekst.