— Mannen bur på ein liten stad, langt frå andre folk. Inntrengjarane stal datautstyr og anna før dei forlet huset, seier operasjonsleiar Rune Hollekim ved Haugalandet og Sunnhordland politikammer.

— Vart mannen utsett for vald?

— Nei, men han vart truga før han klarte å røma til skogs, seier Hollekim. Mannen fekk varsla politiet som fann han i skogen noko seinare.

— Vi veit enno ikkje kven inntrengjarane var, eller kva som ligg bak, men politiet jobbar med saka, seier Rune Hollekim til BT.

Politiet etterlyser vitne som har sett ein sølvfarga bil i området Våga - Flatnes i går.