• Det gjer det vanskeleg å kunne godta ein ny avtale i uravstemming, seier lokallagsleiar for Utdanningsforbundet.

På streikekafé i Tabernaklet i Bergen sentrum, er sakene frå media om lærarane sin tone og språkbruk blant temaa som blir diskutert.

— Mange lærarar er fortvilte, stressa og forbanna, seier lærar Vebjørn Vasstrand frå Olsvikåsen vidaregåande skule.

Aftenposten skreiv i dag om korleis lærarar på Facebook-gruppa «Arbeidstidsforhandlingene» omtalar KS-leiarane som «ekle kryp», «grundig lobotomerte» og «dustar». Lærarane på streikekafeen tek avstand frå språkbruken, men meiner slike kommentarar oppstår fordi konflikten er så tilspissa.

— Ingen tidlegare streikar har engasjert så mykje. Det vil vere nokon som går over streken, seier lærar Kjartan Hjermann Døhlie, også han frå Olsvikåsen vidaregåande skule

Synst ikkje dei sutrar

Også BT-kommentator Mathias Fischer skreiv i dag om tonen til lærarane. Han meiner lærarane si sutring øydelegg for saken deira. Lærarane på streikekafeen er heilt ueinige med han.

— Når me er ueinige i noko må me kunne uttrykkje det. Men nokon oppfattar det kanskje som sutrete. Dei ser kanskje at me har mykje ferie, og trur det handlar om å få lov til å gå heim tidleg. Men det gjer jo ikkje det, seier Døhlie.

Vasstrand er likevel einig i at lærarane tolkar mykje av utspela i konflikten i verste meining. Han meiner det er eit resultat av korleis konflikten har utspelt seg.

— Me gjorde ikkje det til å begynne med. Men den førre avtaleteksten som lærarane stemte ned, viste det seg jo at me tolka heilt annleis og meir positivt enn KS meinte, seier læraren.

Han trur det kan gjere det vanskeleg å få på plass ein avtale lærarane kan godta når forhandlingane ein gong blir tatt opp igjen. Utdanningsforbundet har sagt at dei vil sende ein ny avtale ut til medlemmene for uravstemming. Det vil seie at lærarane får høve til å stemme ned også eit nytt forslag, slik dei gjorde før sommaren.

— Slik eg tolkar stemningen blant oss vil me berre godta det dersom KS kjem oss i møte, slik at me kan bli einige om noko som liknar på den arbeidstidsavtalen me allereie har, seier Vasstrand.

- Ingenting å gi

Tonen i lærarkonflikten er verre enn før, meiner Eivind Byberg, lærar ved Rothaugen skole. Han meiner det gjer det vanskeleg å sjå ei løysing.

— Det var først veldig negativ stemning rundt jul, då KS først la fram sitt syn og det virka som om dei ignorerte arbeidet lærarane gjer. Då fekk dei lærarane på bakbeina med ein gong. Så virka tonen litt meir konstruktiv i det ordinære lønnsoppgjeret, men no er det verre igjen. No virkar det som om forventningane til partane ikkje kan møtast, seier læraren.

Han meiner lærarar flest føler dei ikkje har noko å gi i forhandlingane.

— Lærarane føler at einkvar forandring i retningen KS vil er negativ, seier Byberg.

- Lite sutring og jammer

Leiar i Utdanningsforbundet i Bergen, Bjarne Mohn Olsvold, meiner det er lite sutring blant lærarane.

— Eg meiner lærarane har eit bevisst forhold til kvifor ein kjempar kampen, og til at dette handlar om ein lang frustrasjon, der mange som ikkje har fagleg bakgrunn for å uttale seg har meint mykje, seier han.

Olsvold er likevel einig i at lærarane tolkar KS i verste meining, men meiner dei har god grunn.

— Historien har vist at det ikkje er grunn til å stole på KS, seier han.

Språkbruken til enkelte lærarar på sosiale medier, tek han avstand frå. Olsvold trur likevel det er snakk om svært få som brukar slike karakteristikkar.

— Mi klare meining er at dei fleste lærarar er flinke til å formulere seg, seier han.

Kan ikkje ha rom for tolking

Når frustrasjonen likevel er stor blant lærarar, vedgår han at det er vanskeleg å sjå ei løysing på konflikten, som også lærarane kan godta i ei uravstemming.

— KS snakkar om å gi og ta, men dei har ein annan ståstad enn oss. Dei har annulert den arbeidstidsavtalen me har i dag, og legg premissane. Det kan ikkje vere sånn at dei krev noko urimeleg, og så skal me gi og ta ut frå det, seier han.

I tillegg meiner han mangelen på tillit vil skape problem i ei uravstemming.

— Det har vore såpass mange utspel frå arbeidsgjevarsida som lærarane har reagert på, at når ei uravstemming kjem er det vanskeleg å ta stilling til berre det som står på papiret. Skal ein avtale gå gjennom blir det viktig at teksten er tydeleg, og ikkje gir rom for tolking. Ikkje noko «bør» eller «i utgangspunktet skal», seier lokallagsleiaren.

BT har vore i kontakt med KS, men ingen ønskjer å kommentere saken.