Haukeland Universitetssjukehus er ikkje lenger mobilfri sone. I morgon blir forbodsskilta skrudde ned, og pasientar og pårørande kan heretter bruke mobilen inne på sjukehuset — med visse unntak:

På undersøkingsrom med spesielt utstyr, operasjonsstover og overvakingseiningar er det framleis ulovleg.

Fleire norske sjukehus har lempa på mobilforbodet den siste tida. Årsaka er at nye rapportar viser at mobilstråling likevel ikkje er så skadeleg for teknisk-medisinsk utstyr som antatt.

Framleis reglar

Men som pasient skal du få sleppe alskens pipe- og ringelydar frå nabosenga. Haukeland innfører derfor følgjande reglar for mobiltelefonkultur:

n Lyden skal anten vere avskrudd med vibrator, eller på lågaste volum.

n Det er ikkje lov å ringe i tidsrommet frå klokka 22 til 07.

n Det er ikkje lov å bruke bilettelefon (MMS) av omsyn til personvernet.

— Du skal ikkje risikere at pasienten i nabosenga tar bilde av deg. Folk skal rett og slett vise omsyn til medpasientane sine, seier informasjonsdirektør Mona Høgli til BT

Men å la pasientar og pårørande bruke eigne mobilar kan koste Haukeland dyrt. For fram til 2008 har sjukehuset ein avtale med IKT-tjenester, som eig og driftar kring tusen pasienttelefonar på sjukehusområdet. Haukeland har garantert IKT-tjenester ei årleg minsteinntekt på pasienttelefonane.

- Pasienttelefon billegast

Høgli vil ikkje ut med storleiken på denne garantien, men seier:

— Å oppheve mobilforbodet kan koste oss mange hundre tusen i året.

Derfor nyttar Høgli høvet til å reklamere for pasienttelefonane på Haukeland.

— Å ringe ut frå ein pasienttelefon kostar 27 øre per teljarsteg. Det er mykje, mykje billegare enn nokon annan telefon, seier ho til BT.

— Derfor håpar vi at pasientane likevel vil bruke telefonane på sjukehuset. Det blir ein vinn-vinn-situasjon for både pasientar og sjukehus: Dei ringer billegare, vi sparer utgifter, seier Høgli.

På sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda er det ifølgje VG tillate å bruke mobiltelefon i foaje og fellesområde. Sentralsjukehuset i Førde seier ja til mobil i vestibylen, på nokre andre fellesområde og psykiatrisk klinikk.

Nordfjord sjukehus tillet mobiltelefon ved sengepostane i ein tidsavgrensa periode på døgeret. På Lærdal sjukehus kan du bruke mobil i kantina, resepsjonen og på poliklinikkane.