— Kor mange egg tok du oppi, spør Erna (44).

— Seks. Det står på oppskrifta det, svarar vaffelbakar Andreas (5), og peikar på linja med teikninga av seks egg.

Erna Solberg er invitert til Idavollen barnehage på Nesttun, for å sjå korleis ungar kan lære og få interesse for matematikk og realfag i ung alder.

På landsmøtet til Høgre i mai tok ho til orde for meir matte og realfag i barnehagen.

Det er Kristine Halvorsen, pedagogisk leiar i den kommunale barnehagen, som har invitert Solberg. Til liks med Solberg er ho uroa over norske ungars manglande interesse for vitskap, og kunnskap i matte og realfag.

Halvorsen meiner barnehagen her kan skape interesse og meir positive haldningar, om det blir gjort på rette måten. Det er Solberg samd i.

— I diskusjonen om barnehagar har vi til no hatt eit fokus på pris og plassar. Men eg tykkjer vi no må få fokus på innhaldet, seier Solberg.

Ho er forsiktig med å bruke ordet læring, fordi mange då tenkjer på leksepugging. Men ho trur læring i barnehagen kan motverke ein del av dei sosiale skilnadene i den norske skulen, der elevar med ressurssterke foreldre klarar seg langt betre enn andre.

Halvorsen meiner mykje kan gjerast ved å få fleire pedagogar i barnehagane, og ved at pedagogane får etterutdanning. Det siste forslaget lova Solberg å ta med seg tilbake til regjeringa.

<b>KUNNSKAPSLØFT:</b> Karoline (4) og Marikken (3) fekk i går besøk av høgreleiar Erna Solberg, som vil ha meir matte og realfag i barnehagen.<br/>FOTO: ODD MEHUS