Dermed vert det opna kristen privatskule i Kvam hausten 2006.

— Dette var skikkeleg moro. Flagget gjekk til topps i dag, seier Eivind Straumstein, som er styreleiar for Kvam Kristne Skule (KKS). Han er spesielt glad for at dei har fått gjennomslag for eit reint kristendomsfag.

Elevane på den nye skulen slepp også å danse, i følgje læreplanane for den nye skulen. Kvam Kristne Skule er den første skulen i fylket som i år har fått godkjenning etter friskulelova.

Leitar etter rektor - Orienteringa om andre religionar vert lagt til samfunnsfag, slik at vi berre underviser i kristendom i kristendomstimane. Vi får også eit noko utvida timetal til kristendom ved å ta av valfagtimar, seier Straumstein.

Opphavleg ville initiativtakarane bak KKS i gang med skuledrifta alt i haust.

— Vi ser at det vert for travelt. No får vi god tid til å førebu skulestart i 2006, og det borgar for at vi skal koma godt i gang, seier Straumstein.

KKS vil i første omgang tilsetja rektor som kan vera med i arbeidet med å stabla skulen på beina.

Har jobba i tre år Straumstein seier dei i førstninga tek sikte på å få leiga lokale sentralt i Kvam. Men med endring i skulestrukturen og vedtak om nedlegging av fleire grendeskular, vonar han å få kjøpa ein av desse. Både Steinsdalen skule og Vikøy skule ligg sentralt i Kvam og skal leggjast ned.

— Eg vil ikkje her og no seia at vi tenkjer på ein av desse skulane, men vi ønskjer ein dialog med Kvam herad om dette, seier Straumstein. Han er glad tre års iherdig søknadsarbeid er kruna med godkjenning.

Heradstyret i Kvam har gått mot etablering av KKS. Bakgrunnen var frykt for at ei slik privatskuleetablering kunne vera til skade for den offentlege skulen.

— Når KKS no har fått godkjenning vil ikkje heradet motarbeida dei, eller gjera det vanskeleg for dei å etablera skulen sin, seier rådmann i Kvam, Knut Terje Rekve.