Det er Høgre og Senterpartiet som står bak fleirtalet, medan Arbeidarpartiet og Frp går imot.

Sundsokningane vil få ein ekstraskatt neste år på om lag 3200 kroner pr. husstand. Men forslaget kan bli forkasta av kommunestyret i desember.

Gruppleiar i Høgre, Nils Kåre Skoge, likar forslaget lite og seier til Kystradioen at han i utgangspunktet vil gå imot eigedomsskatt. Han slår fast at høgregruppa vil stå fritt, og dermed kan forslaget frå formannskapet blir forkasta av kommunestyret.

Sundordførar og partikollega til Skoge, Albrigt Sangolt, seier at det er nødvendig å innføra eigedomsskatt for å oppretthalda eit forsvarleg tenestenivå. Eigedomsskatten vil gi åtte millionar kroner i inntekter neste år.

I budsjettforhandlingane har ein tetta igjen eit gap mellom inntekter og utgifter på totalt 29 millionar kroner. Ein del av salderinga av budsjettet er overføring frå staten på 2,7 millionar for å ta imot 15 flyktningar neste år.

Kva synest du? Diskuter saka her!