Fylkesutvalet sluttar seg til framlegget til verneplan med forskrift, og er nøgd med at grensene for nasjonalparken er utvida i samsvar med tilrådinga frå Ulvik kommune.

Forvaltings— og verneomsyn må ikkje verta til hinder for at tradisjonell næringsverksemd, m.a. beiting og transport inn og ut av området kan halda fram.

Fylkesutvalet har elles ikkje merknader til framlegg til retningsliner for forvalting.

Framlegg til nasjonalpark er på 426 km2 og ligg i Hol kommune, Buskerud, Ulvik herad i Hordaland og Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Landskapsvernområdet på nordsida av sjølve Hallingskarvet er på 58 km2 og ligg i Hol kommune.

Vern av Hallingskarvet vil sikra eit av dei få attverande villmarksprega områda i denne regionen, heiter det i saksutgreiinga. Nasjonalparken femner om sjølve Hallingskarvplatået med skrentar og botnar, Ynglesdalen og Lengjedalen samt høgfjellsareala vestover til og med Vargebreen og Såtedalen. Området har store geologiske, landskapsmessige og biologiske kvalitetar og stor verdi for friluftsliv og reiseliv.