Bergen får sitt sjette drosjeselskap. Hordaland fylkesutval har vedteke å gje Christiania Taxi konsesjon til å drive drosjesentral i Bergen.

Vedtaket, som vart gjort mot røystene til Sp, SV og KrF, kom på eit møte torsdag.

— Vi er sjølvsagt veldig glade, seier Hasnat Ahmad, som er dagleg leiar for Christiania Taxi i Bergen.

Christiania Taxi er det tredje største drosjeselskapet i Oslo, med nær 300 bilar. Ahmad seier vil starte opp allereie tidleg neste veke. Då vonar han òg at dei får si første drosje ut på Bergens-vegane.

— Det er litt avhengig av oppseiingstid med eksisterande sentral, men skulle det gå fint har vi dei første bilane ute i neste veke, seier han.

Kamp om drosjene

Vedtaket i fylket gjer at det no blir kamp om drosjene, eller løyvehavarane som det heiter. For det blir det ikkje fleire løyver, slår fylkesutvalet fast.

Dermed må det nye selskapet kapre drosjer frå dei fem andre sentralane, A-Taxi, Bergen Taxi, Bryggen Taxi, Norgestaxi og Taxi 1.

Ifølgje Ahmad har dei fått god respons frå løyvehavarane.

— Vi hadde tidlegare eit mål om å ha 50 drosjer i løpet av 2014, men med den responsen vi har fått trur eg vi vil klare det før sommaren, seier han.

Konkurrentane negative

Då saka var på høiringsrunde var Bergen Taxi, Norgestaxi Bergen og Taxi 1 alle negative til å sleppe til Christiania Taxi i Bergen.

Sistnevnte meinte mellom anna at prisane vil stige, medan Norgestaxi frykta auka tomkøyring som følgje av auka konkurranse.

Den største drosjesentralen i dag, Bergen Taxi, meiner at konkurranse er positivt, men at for mange drosjesentralar kan ha negative følgjer, som sviktande leveringskvalitet og at det blir vanskelegare å orientere seg for kundane.

«Det er 5 taxisentraler i Bergen kjøreområde i dag. Vi mener det er mer enn nok», skreiv Bergen Taxi.

Priskrig

Ahmad seier dei vil konkurrere om Bergensarane på service og kundebehandling, men òg på pris.

— Vi kjem til å bli blant dei billigaste i Bergen, og på bestilling er vi billigast, seier han.

På selskapet sine nettsider skal kundane kunne leggje inn distanse og få opp pris, og denne prisen skal garantert vere den du faktisk betalar for turen, lovar Ahmad.