Ei måling Opinion har gjort for NRK Sogn og Fjordane viser at dersom det hadde vore EU-avsteming i dag, ville 47 prosent av folket i fylket røysta ja. 53 prosent ville lagt nei-setelen i valurna.

I Sogn og Fjordane har motstanden mot EU alltid vore sterkt. Under folkerøystinga i 1994 stemde 68,2 prosent nei. Undersøkinga frå Opinion viser at kvar femte nei-veljar i 1994, no har endra syn.

Seniorkonsulent Idar Eidset i Opinion trur endringar innanfor EU er årsaka til at ja-sida har styrka seg.

— Men når nei-sida får mobilisert, vil mange gå over dit, trur Eidset.