VEGAR VALDE (foto)

— Der kjem dei! Der kjem dei!

Fem år gamle Tony Christoffer hoppar ivrig opp og ned, og kikkar utover kaien på Haakonsvern. Saman med broren Henrik på 4 år og søstera Amanda på 2 år ventar han utolmodig på pappa, som også heiter Tony.

Tony Vik Schei er om bord i KNM «Narvik». Båten er på veg inn til Haakonsvern etter å ha vore på oppdrag i Middelhavet. Saman med dei matroskledde borna ventar kona Ann Kristin Schei.

— Det er som eg blir forelska på nytt når han kjem heim igjen. Vi har vore gift i sju år, og er like forelska. Det er nesten litt flaut, fortel Ann Kristin medan ho ventar på at fregatten skal koma.

KNM «Narvik» har vore ute i fem månader som ein del av Atlanterhavsstyrken til NATO. Familien har vore på besøk til Schei fleire gonger.

— Det er ikkje så lenge sidan sist vi såg han, men det er litt annleis no når han kjem heim for godt. Den lengste perioden var på ti samanhengande veker. Det syntest ungane var veldig lenge, fortel Ann Kristin.

Medan båten sig inn mot kaien får Ann Kristin auge på mannen.

— Der er pappa, sjå der er pappa, ropar ho med brestande stemme.

Tony Christoffer, Henrik og Amanda byrjar å vinka forsiktig, men ser ikkje heilt kor pappa er. Men når dei får auge på han oppe på brua, blir dei straks ivrige.

— Pappa kom ned! Kom ned!

Ungane står og hoppar opp og ned, mens dei ropar opp til pappa. Når endeleg pappa kjem ned på kaien blir han overfalt av alle dei tre borna. Alle klynger seg til pappa, og vil klatra opp i fanget hans.

Via internett og e-post har han jamnlig fått meldingar om familiens daglege liv, men det er dårleg erstatning.

— Det er utruleg deilig å vera heime med familien igjen. Eg har gått glipp av mykje mens eg har vore til sjøs, fortel Tony Vik Schei.

Sidan mars i år har KNM «Narvik» vore stasjonert i det austlege Middelhavet. Operasjonen har vore å overvåka skipstrafikken i området som ein del av kampen mot terrorisme. Fregatten har eit mannskap på 130, deriblant 6 jenter. Etter at båten er rydda og tømt for ammunisjon får mannskapet no ein velfortent ferie.

MARIN VELKOMSTKOMITÉ: Ann Kristin Schei har kledd borna Amanda, Henrik og Tony Christoffer i marine klede for å helsa pappa velkommen tilbake frå Middelhavet. Banneret har ungane sjølve våre med å laga.

ENDELEG HEIME: Henrik og Amanda får endeleg nærkontakt med pappa Tony Vik Schei.