Han overtek etter Kåre Rykke som går av med pensjon 1. juli, men har ferie å avvikla før den tid.

Nyelensmannen har vore mykje i media den siste tida som leiar av Politiet Fellesforbund Hordaland, eit verv som han har hatt sidan mars 2007, med permisjon frå jobben som politibetjent ved Voss lensmannsdistrikt.

Der har han vore tilsett sidan 1984. Hellene har med andre ord 25 års fartstid i politiet.

Ivar Sindre Hellene. Arkivfoto: Bjørn Erik Larsen