Denne veka sit italienske ungdommar på skulebenken på Husnes.

— I forhold til oss har dei her ein fin skule med laboratorium og ein flott idrettshall. Hugs at vi kjem frå ein fattig del av Italia, seier Patrizia Palmisano (18) på ustø engelsk.

Saman med 17-åringane Giovanni, Americo og Marika har Patrizia eit vekesopphald på Kvinnherad vidaregåande. Dei er andreklassingar frå Istutio di Istruzione Secondaria Superiore i byen Ceglie Messapica i Sør-Italia.

Den norske og den italienske skulen har gått saman med ein vidaregåande skule i Segovia i Spania om eit skuleprosjekt i Europakommisjonens utdanningsprosjekt Comenius.

Frå olivenlund til isbre

Laurdag kom dei fire elevane saman med to lærarar til Kvinnherad. Dei innkvarterte seg hos familiane til fire av seks elevar frå Kvinnherad som i mai skal til den spanske samarbeidsskulen på utveksling.

Måndag hadde italienarane utflukt til vasskraftmuseet i Tyssedal og Bondhusbreen i Kvinnherad.

— Nokså ulik naturen i regionen vår Puglia, der dyrking av oliven og vindruer er viktigaste næringsvegar, slår lærar Mario Pecere fast.

— Å få reisa og læra andre kulturar å kjenna. Det er det viktige for meg, seier Maria Fludal. Ho er 2.klassing ved Kvinnherad vidaregåande skule, vertskap for ein av dei italienske elevane, og klar for Spania-tur om halvannan veke.

Sokrates

Comenius er ein del av EU sitt Sokrates-program, som har som mål å fremja kvalitet og styrke i den europeiske dimensjonen i utdanning på alle nivå.

Comenius er den latinske forma for etternamnet til den tsjekkiske pedagogen og forfattaren Jan Amos Komensky (1592-1670). Han sette mellommenneskeleg forståing i høgsetet.

— Hovuddelen av prosjektet er frå vår side utført av elevane i engelsk og samfunnskunnskap 2.klasse. Men også elektro, bygg, mekanikar og hotell- og næringsklassane har kome med sine bidrag, seier lærar Kari Kringlebotn Thiis. Dei sistnemnde elevane diska opp med laks til dei italienske gjestene tysdag.

I løpet av Kvinnherad-opphaldet sitt skal dei italienske ungdommane følgje undervisninga i nokre av klassane på Husnes. I tillegg blir det fjelltur, gjesting i Baroniet Rosendal, Kvinnherad rådhus, Sør-Norge Aluminium. Mykje tid er og sett av til sosialt samvære. Opphaldet blir avslutta i Bergen.

ITALIANORSK: Norsk-italiensk elevblanding ved Kvinnherad vidaregåande skule denne veka. Frå v. Giovanni Roma, Americo Pozzessere, Maria Fludal, Patrizia Palmisano, Hanne Birkelund, Helene Veastad, Ingeborg Landa og Marika Vitale.
FOTO: OVE A. OLDERKJÆR