TERJE ULVEDAL

Bergen kommune har gjort ein avtale med Utlendingsdirektoratet (UDI) om at dei skal busetje Isse og ungane. Men det kan framleis gå bortimot eitt år før familien får flytte.

— Det er gjort vedtak om at Isse skal busetjast i Bergen. Men det kan ta lang tid før vedtaket blir sett i verk. Problemet i dei fleste slike busetjingssaker er bustad. Og i Bergen veit vi at det har vore ventetid på opp mot eitt år, opplyser dagleg leiar for Innvandrarsenteret i Flora, Arild Melvær.

Historia om den somaliske fembarnsfaren gjekk landet rundt sist vinter. Isse kom til Norge frå det krigsherja heimlandet i november 2002. Han kunne dokumentere ein dramatisk bakgrunn og legitim grunn til å flykte, og fekk raskt opphaldsløyve.

Men heime i Somalia sat den gravide kona hans med fire små ungar. Også dei ville til Norge, og la i veg mot hovudstaden Addis Abeba i nabolandet Etiopia. Men på vegen døydde mora i ein etiopisk landsby då ho skulle føde deira femte barn. Barnet, ein gut, overlevde.

Etter gravferda tok ei ung mor seg av dei fem ungane, utan å ane at dei hadde ein far. Men i bagasjen til dei morlause borna fann kvinna ein lapp med nokre tal på. Det var telefonnummeret til Solbakken asylmottak i Florø, der Isse hadde blitt plassert. På Solbakken forstod dei raskt at det måtte vere ungane til Isse det var snakk om, då kvinna ringde.

Rett før jul sa UDI ja til søknaden om familiegjenforening, og i februar drog Isse til den etiopiske hovudstaden. Der møtte han borna for første gong sidan han flykta, og fekk sjå den yngste sonen for aller første gong.

I utgangspunktet ville Isse slå seg ned i Flora, men ifølgje Melvær var dette ikkje aktuelt.

— Svært mange av dei flyktningane og asylsøkjarane som kjem til Solbakken ønskjer å bli buande. Vi har vurdert det slik at vi ikkje hadde ressursar til å ta hand om denne familien. Den avgjerda tok vi alt i november.

Ifølgje Melvær har dei fem borna klart seg betre enn venta etter at dei kom til landet. Men også i framtida vil ein åleinefar med fem born krevje relativt store ressursar, mellom anna til avlasting.

Flora har fått kritikk for at dei ikkje ville la familien busetje seg i kommunen, men Melvær meiner kritikken er urimeleg.

— Etter mitt syn har Flora gjort ein kjempeinnsats for Isse og ungane. I utgangspunktet er vår oppgåve å ta oss av dei som bur her. I dette tilfellet har det blitt gjort langt meir enn det, seier han.