ARNE HOFSETH

— Vi tek dette som ei beredskapsøving, seier skipssjefen, løytnant Terje-Christian Karoliussen, til Bergens Tidende.

Klar til aksjon

«Garsøy» ligg klar til aksjon dersom det skulle oppstå akutt sjukdom hjå folk i grendene rundt Oksenhalvøya som sidan fredag har vore utan veg. Den relativt nye vegen mellom Vallavik og Tjoflot har eit veikt punkt i Stegagjelet. Også andre presserande transportbehov kan Kystvakta ta på seg.

I går og i dag går båten nærmast i rute rundt halvøya slik at dei 11 ungane kjem seg på skulen i Granvin og vaksne på arbeid. Ein del matvarer frå butikken i Granvin, tinga over telefon, vart også med i lasten.

— Vi ynskjer ikkje å gå kommersielle interesser i næringa, og avsluttar «rutetrafikken» så snart rådmannen i Ullensvang har fått på plass ei båtrute med privat aktør, seier skipssjefen.

Etter det Bergens Tidende får opplyst, skal «Stein Viking» tilhøyrande Brakanes Hotell i Ulvik overta frå i morgon, konsentrert om strekninga Djønno - Vallavik.

Ferjeplunder

Heradstyremedlem Knut Djønne jobba i går med å få ei bilferje til kai på Tjoflot for å ta med bilar til Kvanndal. Men HSD vil helst ikkje ta risikoen åleine med å legga til ein kai utan ferjelem. Dei krev garanti frå fylkeskommunen om å dekka den første halve millionen i reparasjonar dersom til dømes baugpropellen skulle bli skadd. Ein slik garanti ville ikkje fylkesrådmannen gje åleine, men Djønne vonar å få fylkesutvalsmedlemer på banen.

— Vi har eit problem med at alle bilane våre stod heime då raset gjekk nattetid, og bussfrekvensen i Vallavik er ikkje all verda, seier Djønne.

Arbeidsfolk som skulle til Voss i går, måtte basera seg på privat skyss gjennom Vallaviktunnelen, og buss frå Granvin. Kvardagen ville blitt så mykje lettare om dei fleste hadde bilane sine tilgjengeleg på vegnettet utanfor sperringa.

Utan post

Folk langs fylkesvegen mellom Vallavik og Tjoflot har ikkje fått post sidan fredag. Djønne jobba i går med å finne ei løysing. Han set mest lit til ein tilsett i Posten som bur i grenda, men som har arbeidsplassen sin på Ringøy, på andre sida av fjorden.

— Eg kjenner ikkje regelverket, men i ein slik situasjon må det vel vera greitt at vi får posten i ein sekk med båten, og så får vi ta oss av fordelinga sjølve, meiner Djønne.

Får ein post- og transportopplegget på plass, er folket i denne utkanten av Ullensvang herad innstilt på å klara seg utan veg i ein periode. Vegstellet har førebels sett opninga av ei mellombels løysing til måndag 24. januar.

— Ei militærbru vil vera godt tenleg i første omgang, seier Djønne, og vonar at Vegstellet snart kan skaffa pengar til ei permanent utbetring av vegen gjennom Stegagjelet, som i 1986 kravde eit dødsoffer. Nils Djønne passerte her 3. desember det året, og er aldri funnen att.

Vegen mellom Bruravik og Ulvik lengre inne i fjorden, var stengt også i går etter raset som gjekk fredag. Omkøyring om Ulvikhøgda.

OMBORDSTIGING I GRANVIN: Skips-NK, løytnant Gunnar Dyngeland hjelper skuleelevar og andre reisande om bord. Kystvaktskipet Garsøy (KV6) skyssa i går folk som har vore isolert sidan natt til fredag.
VEGEN BORTE: Ras og flaum har fare ille med vegen til Djønno og Tjoflot i Stegagjelet.<br/>Foto: ARNE HOFSETH