Sunnhordland tingrett meiner at både islendingane og dåverande Th. Hellesøy Skipsbyggeri (THHS) visste om at statssub-sidiane på 14 millionar kroner til fiskebåten «Vilhelm Thorsteinsson» blei sikra utan at kontraktforholdet var endeleg. Den norske verftsstøtteordninga opphøyrte 1.januar 1998. Tre veker før skreiv Samherji og Hellesøy under ein standard byggekontrakt som utløyste verftsstøtta frå staten ved Eksportfinans.

Seinare fekk Eksportfinans greie på at partane hadde skrive under ein tilleggsavtale som ifølgje tingretten viser at byggje-avtalen ikkje var bindande, slik vilkåret for verftsstøtta var.

Til Økokrim

THHS på Løfallstrand i Kvinnherad fekk store økonomiske vanskar i 1998 og 1999, og byggekontrakten for den kombinerte snurparen/trålaren «Vilhelm Thorsteinsson» blei overført til Kleven Verft AS i Ulsteinvik på Møre.

THHS gjekk konkurs i mars 2000. Kleven Verft fekk same året utbetalt statsstøtta for den islandske båten som totalt kosta rundt 135 millionar kroner.

I og med at det var THHS som gjennomførte kontraktforhandlingane og fekk ordna med statsstøtta, blei verftsleiarane Thorleif og Øystein Hellesøy i fjor vinter melde til politiet.

Dei to er avhørte ved Kvinnherad lensmannskontor. Hellesøy-brørne si sak er overført til Økokrim saman med ei parellell etterforsking av trønderske Fosen Mek. Verksted.

«Aktlaus»

Sunnhordland tingrett finn at Samherji var aktlaus i samband med kontraktsigneringa, men vil ikkje nytta det juridiske uttrykket grov aktløyse. Derfor har retten funne det rimeleg å lempa statens erstatningskrav på 14 millionar kroner til ti millionar.

I retten forsvarte Samherji seg med at norske verft ikkje var konkurransedyktige med utanlandske, og ville ikkje fått oppdrag med dåverande prisar. Samherji fekk ikkje statsstøtte, men fekk eit produkt som var tinga og betalt for.

Islendingane og Hellesøy er sterkt usamde i at tilleggskontrakten førte til at hovudkontrakten ikkje var bindande. Svært få byggjekontraktar er endelege, det oppstår alltid endringar undervegs, blei det hevda.

Samherji og THHS meiner det måtte reknast som endeleg stadfesting av ein kontrakt når reiarlaget like etterpå betalte eit forskot på 8,2 millionar kroner.

Tingretten meiner forskotsutbetalinga ikkje kan takast til inntekt for at hovudkontrakten var endeleg. For prosjektet kunne ifølgje tilleggskontrakten sendast ut til andre verft for tilbod.