— What a beautiful day!

Newzealendar og guide Andy Cullens slår ut med armane medan regndropane sildrar nedover andletet hans. Framfor han står franskmenn i dongeri og nederlendarar i småsko. Ni samankrøkte sjeler har eit brutalt møte med vestlandsvêret ein dag midt i juli. Dei står oppstilte ved enden av det isgrøne Styggevatnet i Jostedalen. Åtte kajakkar ventar i snøen.

Franske Mélina Asselin og Olivier Zamora har tatt plass ved ein gul kajakk. Med kvar si padleåre i handa gliser dei til kamera. Klikk, klikk, klar til avgang.

Kajakkane glir ut på vatnet. Ustøe franske armar prøver å finna rytmen. Bang! Eit fransk par i femtiåra krasjar i eit isflak. Snart er dei i rute igjen.

Ukult med stillesitjing

Turisme med trøkk er trendy, melder Innovasjon Norge. Det har Andy Cullens skjønt lenge. Han har lang erfaring som breførar på New Zealand, og i 2003 starta han ekstremturselskapet Icetroll i Jostedalen. Målet er å gi amatørar unike naturopplevingar.

— Det er ein myte at berre topptrente folk kan vera i naturen. Eg har hatt med meg ei jente utan bein på tur, seier Andy.

Kajakkfølgjet stoppar midt på det to grader kalde Styggevatnet. Tjukk skodde heng over vassflata. Andy fortel om Grønland, Antarktis - og Jostedalsbreen.

— Me er på veg til ein brearm som heiter Austdalsbreen. Alt i området heiter eit eller anna med Austdalen. Nordmenn er veldig originale, seier han og flirer.

Jostedalen har lukkast i å utvikla berekraftig bygdeturisme i liten skala, ifølgje Carlo Aall ved Vestlandsforsking.

— Reiselivsaktørane i Jostedalen har vågd å gå mot straumen og satsa på miljø og kvalitet framfor kvantitet. Den norske reiselivsnæringa er generelt sett dårleg på miljø, seier Aall.

Andy valde Jostedalen framfor New Zealand på grunn av dei små forholda.

— På New Zealand er reiselivet så kommersialisert. Turistane blir skyssa ut i naturen i flokk, og helikoptera durer over breane. Eg vil heller sitja ved Styggevatnet og nippa kaffi med seks turistar, seier han.

- Viktig for verdiskaping

Snart er det tid for å koma seg på land. Kjærasteparet Tiny Cox og Broos Brouwers frå Nederland padlar det dei kan for å nå det tørre underlaget. Like etter vandrar dei hand i hand mot breen. Ein franskmann tissar ved ein stein.

— Her ser de den vakre breen, seier Andy og peikar inn i skoddeheimen.

Der er det grått.

— Det er andre gong på fem år at eg ikkje ser noko her, seier Andy med eit glis.

Franskmennene seier lite. Stemninga stig ein smule når matpakka og kakaoen kjem fram. Mélina og Olivier reinskar egg med kalde fingrar.

— Me hadde kanskje føretrekt sol, men me kjem iallfall til å hugsa dette, seier Olivier.

Fiske, sykling og fjellturar er dei vanlegaste aktivitetane for turistar i Norge, ifølgje Per-Arne Tuftin, som er reiselivsdirektør i Innovasjon Norge. Men ekstremaktivitetar er også i vinden, og ifølgje Tuftin heng Vestlandet godt med i timen.

— Det er ikkje in å berre sitja i ro i ferien. Eg trur ekstremturisme vil få auka popularitet i framtida, seier han.

Ekstremturismen gir ikkje så mykje klingande mynt i kassa, men er viktig for den lokale verdiskapinga i bygdesamfunn som Jostedalen og Voss, ifølgje Carlo Aall.

Dei frostige europearane står ved foten av Austdalsbreen. Guide Marita Kveane demonstrerer korleis ein festar stegjerna på skoa, og Andy lagar trappetrinn opp bresida. Oppe på breen er det like grått. Ti lemenlik ligg nedfrosne i isen.

— Det er iallfall ein spesiell atmosfære her, seier Mélina og snører igjen hetta.

5 på ekstremtur

Tiny Cox, Nederland

— Kombinasjonen av kajakk og bretur var super. Det er første gong eg har vore på ein isbre, me har ikkje så mange av dei i Nederland. Eg har ikkje sett så mykje snø før, heller. Det er vakkert her, men dyrt. Og fartsgrensene er altfor låge.

Margot Mallet, Frankrike

— Turen var interessant og kald. Litt mindre vatn hadde vore fint.

Pierre Mallet, Frankrike

— Vêret var med på å gjera det til ei unik oppleving. Eg føretrekkjer å vera aktiv i ferien framfor å berre slappa av. Norge har ein storslått natur, men maten er ikkje noko særleg. Osten er kjedeleg.

Broos Brouwers, Nederland

— Eg likte turen skikkeleg godt, breturen var høgdepunktet. Det var synd at det var så mykje skodde, det hadde vore fint å sjå heile breen. Men det gjorde det litt meir vilt. Naturen i Norge er vakker, men maten er dyr. Og utanfor byane er det dårleg utval i matvegen.

Perrick Mallet, Frankrike

— Me var ikkje akkurat heldige med vêret, men det var artig å padla gjennom snøen. Eg likte padlinga betre enn brevandringa.

VÅTT OG VILT: Franske Mélina Asselin og Olivier Zamora (midt i biletet) møter norsk natur frå kajakken. - Det er heilt eksepsjonelt å padla kajakk gjennom snø og klatra på bre etterpå, seier Mélina.
Silje Katrine Robinson
BREVANDRING I DET GRÅ: Austdalsbreen, ein utløpar av Jostedalsbreen, gir turistane den kalde skuldra.
Silje Katrine Robinson
PÅ TRYGG GRUNN: Guide Marita Kveane demonstrerer korleis stegjerna skal brukast på breen.
Silje Katrine Robinson
EGG I ISAUDET: Frostfingrar og egg skaper problem for Mélina Asselin og Olivier Zamora under lunsjen. Me klarer nesten ikkje å reinska egga, seier Mélina.
Silje Katrine Robinson
SJEFEN SJØLV: Andy Cullens har drege frå New Zealand til Jostedalen for å tilby ferskingar kajakkturar og brevandring. Sjølv om turistane er amatørar, er risikoen minimal. Me bruker dei stødigaste kajakkane som finst, seier han.
Silje Katrine Robinson