Ta med varme kler som toler skit, sa stasjonsleiar Magne Leikvoll då han inviterte oss til besøk på austre ventilkammer under det regulerte Juklavatnet 1000 meter over havet på grensa mellom Jondal og Kvinnherad. Det er vedlikehaldsstans for første gong sidan Jukla kraftstasjon blei sett i drift i 1974. Håvard Ro (24) og Geir Ove Misje (29) frå Solid Vedlikehold i Bergen kan dermed ta seg inn i dei to meter vide røyrgatene inne i fjellet for sandblåsing og maling. Rev tok provianten I fleire veker har dei jobba ved Juklavatn, der det enno ligg is og snø. Dei har også overnatta i dei tronge stasjonslokala inni fjellet, og blant anna opplevd at fjellreven har forsynt seg med provianten.— Reven tok alt vi hadde, matvarer for tre tusen kroner, fortel Ro og Misje, to moderne rallarar frå Sotra som har Hellisøy fyrtårn på Fedje som neste malingsoppdrag.Juklavatn er det klart største av i alt 24 vatn langs Fonna si vestside som matar turbinane i Folgefonnverka sine to kraftstasjonar. Før produksjonen kom i gong i 1974 var det sprengt i alt fem mil med tunnelar for å leia alt vatnet fram til kraftstasjonane. Folgefonnverka produserer årleg vel 1200 GWh, som er nok til å forsyna rundt 60.000 husstandar. Det er to hovudkraftliner ut, ei mot Bergen og ei mot Kvinnherad, Stord og Sauda. Berre helikopter duger For å koma til Juklavatn er det stort sett berre helikopter som duger i ni av årets tolv månader. På seinsommaren er det råd å køyra bil den spektakulære anleggsvegen opp frå Nordrepollen i Mauranger og heilt fram til demningen på Jukla. Derfrå går turen vidare i båt til Jukla aust når isen er borte.Med Airlift-maskinen tek det berre minuttar å nå det elles så utilgjengelege anlegget ikkje langt unna Folgefonn sommarskisenter.Landingsplattingen på Jukla aust er eit «fuglebrett» i aluminium øvst i eit 200 meter høgt stup. Ein viktig regel på plattingen er å halda seg sjølv og bagasjen fast for ikkje å bli teken av helikoptervinden. 575 trappetrinn Vidare er det trapper loddrett ned halvparten av stupet, fram til tunnelinnslaget som er byrjinga på nye 575 trappetrinn nedover mot ventilkammeret i djupet.Heldigvis er dei utvendige trappene no kapsla inn i solid betong. Før måtte anleggs- og vedlikehaldsfolk fira seg ned i tau, minnest Magne Leikvoll.Etter inspeksjonen kan prosjektleiar Mikkel Havrevoll og stasjonssjef Leikvoll slå fast at vedlikehaldsjobben er greitt utført. Det er minst 25 år til neste gong. Saman med elektrikarane Olav Gjerde, Bjarte Hereid og lærling Øystein Myklatun hjelper dei malarane med å henta opp gammal blåsesand som skal løftast bort med helikopter for å bli spesialavfall i Rådal i Bergen.

KONDISJOBB: Tilkomsten til ventilkammeret på Jukla aust skjer blant anna med ei kondisjonskrevjande forsering av 575 bratte tunneltrappetrinn. Foto: Tor Høvik