— Det er forbausande at dei ikkje har prøvd å koma med framlegg som tek omsyn til dei som skapar verdiar, seier administrerande direktør Karstein Bremnes i Tyssefaldene AS.

Det er altså ikkje berre bønder som er skeptiske til den nye nasjonalparken som er i ferd med å bli etablert på Folgefonnhalvøya, slik Bergens Tidende omtalte laurdag.

Statkraft, Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Tyssefaldene har utbyggingsplanar for nye og eksisterande kraftstasjonar for 200 - 300 GWh. Alle ligg innanfor arbeidsgrensa for verneplanen som Fylkesmannen i Hordaland har teikna, og kan bli vanskelege å foreina med ein vedteken nasjonalpark.

— I planframlegget er det lagt veldig sterk vekt på vern og freding. Eg meiner at det ikkje er i samsvar med føresetnadene som Stortinget har lagt til grunn når andre interesser ikkje er tekne omsyn til, seier Karstein Bremnes.

— Vårt selskap er ikkje ute etter å byggja ut ny kraft for å spekulera i den generelle kraftmarknaden. Vi er eigd av industrien i Odda, og skal sikra ei vidare utvikling av desse industriarbeidsplassane, seier Bremnes.

Tyssefaldene sitt konkrete prosjekt som kjem i konflikt med verneplanen er Blåvatn-utbygginga i Tokheim- og Eitrheimvassdraget i Odda. Det er søkt om forenkla handsaming av 100 GWh-prosjektet i Samla plan, den nasjonale rammeplanen for vassdragsforvaltninga.

— Blåvatn er alt regulert gjennom prosessvatnforsyninga til Outokumpu Norzink. Vi vil nytta same reguleringshøgd som er i dag, og tippmassane som blir liggjande att vil ikkje vera store, seier Bremnes.

Statkraft har planlagt ei overføring av vatn frå Blådalsvatnet til Juklavatn i Kvinnherad i ein 7,9 km lang tunnel, og frå Middagsvatn til Mysevatn. Den første overføringa er friteken frå Samla plan, og kan konsesjonshandsamast. Det er til vurdering i Statkraft.

SKL vil auka kraftprosuksjonen ved å overføra vatn frå Fonnavatn til Møsvatn, og frå Eikemoelv til Blådalsvassdraget på grensa mellom Kvinnherad og Etne kommunar.

SKLs planar omfattar knapt 120 GWh, Statkraft-planane vil auka produksjonen med knapt 60 GWh.