Rask vekst og høg lønsemd. Det er stikkordet for dei frittståande fryselagra som har skote opp langs heile kysten dei ti sist åra. Fryselagera, eller frysehotella som dei også vert kalla, er ein av dei mest lønsame nisjene i heile fiskerinæringa i dag.

Rett under Måløybrua driv Svein Ove Kvalheim Måløyterminalen med eit overskot som store delar av den vanlege hotellnæringa kan sjå langt etter. Fryselageret er så populært at Kvalheim vil utvide.

Internasjonal råvare

Kvalheim driv ei verksemd som har vore med og endra heile fiskerinæringa, spesielt langs kysten i Nord-Noreg.

På fryselagra kan fiskarane lagre fisken så lenge dei vil, og selje den når prisane er på det beste. For ti år sidan var det ingen fryselager å gå til. Lagra bryt banda mellom fiskarane og den lokale fiskeindustrien, som ikkje lenger er einaste aktuelle kjøpar.

— Fisk er blitt ei internasjonal råvare etterkvart, seier Kvalheim.

Tøft i Nord-Noreg

Det er spesielt fiskeindustrien i Nord-Noreg - som har spesialisert seg på å filetere torsk og annan kvitfisk - som har fått merke dei nye tidene.

Ikkje berre har fryselager og fryseteknologien gjort konkurransen om råstoffet større. No kan også fisken lett fraktast til Kina, der tusenvis av villige hender står klar til å arbeide for under 1000 kroner månaden. Der blir fisken tint, foredla og sendt ut på verdsmarknaden i konkurranse med fisken frå den norske fiskeindustrien.

Konkurs

Denne veka vart filetbedrifta Myre Fiskeindustri i Vesterålen slått konkurs. Tidlegare i år gjekk Aarsæther Vardø overende, like etter at selskapet hadde bygd eit splitter nytt anlegg til over 100 millionar kroner.

Dei to bedriftene tilhøyrer kvart sitt store fiskeriselskap, Nordic Sea Holding og West Fish, som begge slit i tung motbakke. Ideen om fryselager kjem frå Sortland og Einar Myrstad i Coldstore & Transport Group (CTG), som bygde sitt første fryselager i 1991. I dag er CTG medeigar i ein kjede av fryselager frå Kirkenes til Måløy.

KALD FORRETNING: Få delar at fiskerinæringa går så godt som fryselagra som har vokse fram langs kysten dei ti siste åra. Hos Måløy Fryseterminal er det fullt, og leiinga vil bygge eit anlegg til.
FOTO: TOR HØVIK