Den 58-årige Rygg var ivrig isfiskar, og var rundt nyttår observert under isfiske ikkje langt frå der han budde aleine tett ved den islagte Gloppenfjorden. Ein kamerat som ikkje hadde sett Rygg sidan mandag, melde han sakna torsdag ettermiddag.

Leitinga starta for alvor fredag, då tre dykkarar søkte etter mannen i området kring huset der han bur. Leiteaksjonen vart avblåst utan resultat fredag ettermiddag, og vart teken opp att laurdag. Rundt klokka 13.30 fann dykarane den omkomne ved eit av søka under isen.

— Han vart funnen i det området der vi har konsentrert søka, nær nokre råker som er skapt av blant anna ei elv, fortel lensmann Knut Børge Skurtveit i Jølster og Gloppen. - Funnet stemmer også godt med det området der vitner meiner å ha sett Rygg drive isfiske på nyttårsaftan.

Kuldeperioden i etterkant gjer at eventuelle opningar i isen var vekk då søka etter Rygg starta for alvor fredag.

Skurtveit fortel at søka har skjedd under gode forhold, både med omsyn til straum og sikt under vatnet.

Gloppefjorden blir tidleg islagt i kuldeperiodar, men det er eit par større råker i isen ikkje langt unna der 58-åringen budde.

— Isen ligg tjukk på fjorden, men det er grunn for folk å vere merksame at elver og oppdrettsanlegg kan skape tæring og råker enkelte stader på fjorden, seier Skurtveit. - Er nokon i tvil, bør dei ikkje bruke isen utan å først konferere med folk som kjenner forholda.