Målingane viste at isen var tjukk nok til å tåla fleire tonn. Likevel gjekk det gale. Kva var årsaka? Straumforhold

Professor i kvartærgeologi ved Universitet i Bergen, Atle Nesje gir nokre forklaringar på kva som kan ha skjedd. Han kjenner ikkje til botnforhalda i Opheimsvatnet og uttaler seg difor på generelt grunnlag.

— Det kan skuldast spesielle straumforhold i området, eller isen kan ha blitt isolert under snøen og byrja å smelta, seier han.

Ei anna forklaring til at isen kan få svakare punkt er gassar frå plantemateriale på botn som skaper bobler i isen. Slikt er også vanskeleg å få auge på når isen er dekt av snø. Bekkeløp kan også gjera isen usikker.

Ta med øks

Med vinterferie for tur rådar Nesje folk til å vera ekstra forsiktige.

— Det er meldt omslag til varmare vêr. Folk bør ha med seg ei øks og testa isen før dei prøver å gå over.

— Kva blir rekna for å vera «sikker is»?

— 20-30 centimeter stålis kan bera eit jernbanetog. Vi seier gjerne at mellom 10 og 15 centimeter ber godt, seier han.