Medan dei største norske oljeselskapa kappast om å få foten innanfor det enorme russiske Sthochmanfeltet, sender det vesle Hyllestad-verftet ein kraftfull torpedo rett inn i det russiske gasseventyret. For dei er kontraktsverdien på ein halv milliard kroner.

Båten skal elles døypast på Dokkeskjærskaien i Bergen 11. mars.

— Det råaste nokon gong

Den knuser seg greitt gjennom halvannan meter tjukk is, kan operere i temperaturar ned til 50 grader minus, kan snu 180 grader rundt på tre minuttar.

I 90 centimeter tjukk is, vel å merke.

— Dette er det råaste vi nokon gong har bygd, seier direktøren for Havyard-verftet i Leirvik, som frå før har åtte isbrytarar på samvitet.

Med «råaste» meiner Havyard-direktør Tor Leif Mongstad at fartøyet er eksepsjonelt klassifisert. Det er ein toppklassa isbrytar, ein stor supplybåt, eit oljeredningsfartøy, eit brannsløkkingsfartøy, ein taubåt og eit høgspent elektrisk kraftverk - alt i ei kompakt, kraftfull pakke på 99 gonger 19 meter.

— Dei isbrytarane som er kraftigare enn denne, er alle saman atomdrivne, seier Mongstad. - I realiteten snakkar vi om ein isbrytande supplybåt med mange tilleggsfunksjonar.

Skroget er bygd i Ukraina, medan overbygning og all utrusting bli utført ved verftet i Leirvik i Hyllestad. Skipet er proppa med tjukt spesialstål, slik at stålvekta er oppe i over 3,5 tusen tonn. Eit normalt skip av same storleik ville ha hatt ei stålvekt på mindre enn to tusen tonn.

Klar om fjorten dagar

Verftsdirektøren tar oss med rundt på det som ser ut som eit fullstendig kaotisk, halvferdig skipsbygg. Overalt er det aktivitet, montering, kopling og lakkering foregår over alt, og det blir hoia og ropt på ei salig blanding av russisk, engelsk og ytresognsk.

— Det ser kanskje ikkje slik ut, men vi skal faktisk ha den klar til levering om fjorten dagar, seier Mongstad idet vi passerer gjennom nokre av dei mest kaotiske seksjonane under dekk.

Her nede finn vi maskineriet. På geledd står dei fire finskproduserte dieselmotorane, som samla utviklar 20.000 kilowatt. I tillegg kjem hjelpemotoren, på storleik med det du kan finne som hovudmotor på ein mindre trålar.

Oppe på brua arbeider ein russar med å montere radioutstyret. Midt på det svære panelet står joystick'en som skipet kan manøvrerast med. Datastyringa kan halde fartøyet hundre prosent fiksert i ein nøyaktig posisjon, eller kan ta styringa og følgje eksempelvis ein undervass rørleidning.

Kan forsyne heile Askøy

Havyard Leirvik har ein fast arbeidsstokk på rundt 200 personar. I arbeidet med isbrytaren er arbeidsstyrken tidvis oppe i over 500. Då er lang rekke underleverandørar medrekna. I tillegg kjem også ni russarar som følgjer kvart steg i byggeprosessen. Nokre av desse er kommande mannskap frå det russiske reiarlaget Gazfloat, andre er tekniske kontrollørar.

Blant underlevrandørane er BKK, som har levert og montert høgspentanlegget om bord. Dei har montert over 800 meter høgspentkabel i skroget.

Etter levering av denne, startar Havyard arbeidet med eit identisk søsterskip som skal leverast til hausten. Dersom dei to isbrytarane ankra opp utanfor Askøy, ville dei produsere kraft nok til å forsyne heile kommunen med elektrisk straum, ifølgje BKK.

«Vladislav Strizhov» har lugarplass til over 50 mannskap. Under bygginga er tilreisande arbeidsfolk innkvartert i det gamle hurtigruteskipet «Salten», som ligg fortøydd på utsida av den oransje kolossen.

Etter nedturen først på 2000-talet er det no gode tider for verftet. 2005 var eit godt år, og ordrebøkene er fulle inn i 2008.

— Vi har inne ordrar som svarar til ein kontraktsverdi på 2,5 milliardar kroner. Dei siste kontraktane er bygg som er teikna av den nye designavdeliga vår på Fosnavåg i Møre og Romsdal. Eg trur at slike spesialfartøy blir framtida for oss, seier direktør Tor Leif Mongstad i Havyard Leirvik.

ODDLEIV APNESETH
JOYSTICK PÅ BRUA: Den nær hundre meter lange muskelbunten kan manøvrerastpå autopilot, eller ved hjelp av ein liten joystick på brua. Monteringsarbeidet gårføre seg overalt rundt om på skipet, men verftsdirektør Tor Leif Mongstad errimeleg trygg for at isbrytaren kan leverast som planlagt om to knappe veker. 11.mars er det skipsdåp i Bergen for «Vladislav Strizhov».
ODDLEIV APNESETH