• No er det slutt, tenkte eg då isblokka dundra inn i bilen, seier Jon Nedre-Flo. Berre tidels av eit sekund redda stryningen for å få ei 50 kilo tung isblokk i fanget gjennom frontruta.

Jon Nedre-Flo var på veg frå Flo-bygda til Stryn for EU-kontroll av bilen sin då isblokka losna i fjellveggen, over ein av dei mest rasutsette fylkesvegane i Sogn og Fjordane.

Isblokk på 50 kilo dundra ned frå fjellsida og inn i kassabilen, rett bak førarhuset. Berre tidels av eit sekund om å gjerde — og ulukka kunne ha fått ein helt anna og meir alvorleg utfall.

Nedprioritering av rassikring på fylkeskommunen sine budsjett på heile 1990-talet har sendt vegen langs Flostranda i Stryn langt ut i tid når det gjeld midlar til bygging av rasoverbygg.

— Eg visste at dette måtte skje på ein så rasfarleg veg. Det var bra isblokka trefte bilen min, og ikkje skulebussen som dagleg går mellom Flobygda og Stryn, seier Nedre-Flo, som kom frå den nifse hendinga utan fysiske skader.

Bilen er vraka og no blir det ny bil i staden for EU-kontroll.

Skredforskar Krister Kristensen i Stryn seier til NRK at ein kan venta nye ras i området dei næraste dagane.

FLAKS: Jon Nedre-Flo hadde hellet med seg i uhellet då ei isblokk traff bakenden på bilen hans, på vegen mellom Flobygda og Stryn.<p/> FOTO: BENGT FLATEN, SUNNMØRSFPOSTEN