— Det starta i sommar, som ein tilfeldig spøk. Ei helg var eg med gutane ned hit og bada. Da sa eg at dersom dei bada her kvar helg fram til jul, så skulle dei få kvar si Brann-drakt frå meg, smiler Tor Løseth.

Ved sida av står to magre, blåfrosne gutekroppar. Under kanten på badekåpene skimtar vi nakne tær i badeskoa.

Dei pustar frostrøyk, og enno har dei ikkje vore uti.

Stikk i kroppen

Vi er i båthamna i Dale i Sunnfjord, kalenderen viser 18. desember og det har nettopp snødd.

Ole og Thomas stavrar seg ut på flytebrygga og slepp eit termometer nedi vatnet. Så tar dei av seg badekåpene og badeskoa og let seg gli uti frå den snødekte utstikkaren. Luene beheld dei på.

Plasking, stønning og pusting, og gutane tar nokre raske svømmetak i ring. Medan dei lagar ukontrollerte lydar heiser dei seg opp igjen på snøen.

— Det stikk i heile kroppen, seier ein tannhakkande 12-åring, som likevel lar seg overtale til nok ein liten svømmetur i isvatnet.

Blant tilskodarane på land står onkelen og gliser, imponert over innsatsen som har pågått sidan sommarsjøbadet gjekk over til haust- og vinterbad for gutane.

— Eg hadde eigentleg gløymt heile greia, men så i oktober kom ei tekstmelding der dei fortalde at dei hadde bada kvar einaste helg i sjøen, fortel onkelen, som bur i Bergen der han er styremedlem i sportsklubben.

Ihelfrosne bakteriar

På dette tidspunktet står begge gutane og skjelv, på nytt iført badekåpe og fleece.

Dei er begge Brannsupporterar, og har forbant seg på at drakt frå onkelen skulle dei ha.

— Ja, det er verd det, heilt klart, seier Ole med blå lepper. - Eg byrjar allereie å bli varm igjen, men eg kan ikkje føle beina mine enno. Men dette er gøy, og ikkje minst sunt. Når du badar så kaldt, blir du ikkje sjuk, veit du. Bakteriane frys i hel.

Og begge gutane er slett ikkje sikre på om dei kjem til å slutte med vinterbadinga, sjølv om dei med dette siste førjulsbadet har gjort seg fortent til julegåva. Onkelen forsikrar at draktene ligg klar og ventar under juletreet.

— Men det må da vere ein spesielt vondskapsfull onkel som lokkar dykk til noko slikt?

— Nehei! Vi tykkjer det er heilt topp!

Øystein Torheim
Øystein Torheim
Øystein Torheim