— Denne forskjellsbehandlinga er urimeleg, seier mor Edle Damm. Isabelle som er psykisk utviklingshemma kan ikkje vere åleine heime før og etter skuletid, men det er det ikkje teke omsyn til når det vart gitt skuleplass for neste år.

Forskjellsbehandling

Isabelle kom inn på Sotra vidaregåande skule, noko som var tredjevalet hennar. Edle Damm er fortvila og frustrert etter at ho vart gjort kjent med at tilsynsordninga, (tilsyn i vidaregåande skule - TIV), er svært usikker på denne skulen. Kva tilbod som blir gitt avheng av kva skule ein endar på.

— Me har hatt kontakt med mange frustrerte foreldre. At somme får hjelpa dei har krav på, og andre ikkje er ikkje haldbart, seier Elin Hysing-Dahl, i Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU), avdeling Hordaland.

- Må ha noko forutsigbart

Både Edle Damm og mannen er i full jobb. Mange gonger har dei måtta gå på akkord med seg sjølv for å få kvardagen med eit psykisk utviklingshemma barn til å gå rundt. Eit usikkert tilbod for Isabelle til hausten gjer det ikkje lettare.

— Det er dessutan svært dårleg samfunnsøkonomi å ikkje leggja til rette for foreldre som vel å ha psykisk utviklingshemma barn buande heime, påpeikar Damm. Sjølv om skulen klarar å stabla på beina ei nødløysing til hausten, til dømes gjennom ein assistent som blir att med jenta etter skuletid, er ikkje det tilfredsstillande for familien.

— Både Isabelle og me foreldre er avhengige av å ha noko forutsigbart å halde oss til. Kva om denne eine assistenten blir sjuk, undrast Damm, som etterspør betre koordinering av tilbod til ungdomar med like behov. Gjerne ved å samle desse elevane ved ein og same skule.

Kven har ansvaret?

Sjølv om SFO i grunnskulen fungerer på om lag same måte som TIV, er sistnemnde meir til hovudbry for forvaltninga.

— SFO er utelukkande ei kommunal oppgåve. For tilsynsordninga ved dei vidaregåande skulane har kommunane det overordna ansvaret, men fylkeskommunen gjennom den einskilde skule har ansvaret for organiseringa. Dette kompliserer og gjer det problematisk, seier Marit Hagevik, rådgjevar for utviklingshemma i Bergen kommune. Kommunen stiller altså med midlane, men er prisgitt organiseringa ved den einskilde skule.

— Me ser at nokre av skulane meiner at dette tilbodet ikkje høyrer til skuletida, fortel Hagevik.

Meiner dei kan og vil

Dette gjeld ikkje Sotra vidaregåande skule, skal me tru rektor Kjell Johan Lervik.

— Me prøver å strekka oss så langt som råd, men me ser at den ordninga me har i dag ikkje er omfattande nok, vedgår Lervik. Han seier det skal vere mogeleg å få tak i arbeidskraft til eit godt tilbod om kommunen dekkjer kostnadene. Om ikkje skulane klarar å gi tilsynstilbod, er det kommunane som har overordna ansvar.

— Me er god på å finna løysingar, villig til å betala og flink til å setja opp alternativ. Dette vil ordna seg, trur rådgjevar Marit Hagevik i Bergen kommune.

Vegar Valde