Dei seks fastbuande har vore isolerte sidan laurdag etter at isen la seg på Hyenfjorden. Båt er einaste skyssmid-delet til den veglause grenda. To av dei fastbuande har denne veka ikkje kome seg på arbeid til Sandane og Hyen, og dei to borna på fire og halvtanna år kjem seg ikkje i barnehagen.

Fjorden er no islagt frå Hestenesøyra og sørover. Inne med land ligg det tjukk stålis. Ved Skjerdalen er no berre ei smal råk open midt i fjorden.

- Vi må tilbake til 1986 og 1987 for å finne sist vi var isolerte av is, seier Jens Skjerdal.

Han fortel til Firda at dei skjønte dette kom til å skje, då kvikksølvet i termometeret tok til å krype alvorleg nedover sist veke. Dei bunkra difor inn proviant slik at verken to- eller firbeinte lir noko naud. Største problemet blir å få levere mjølka frå gardsbruket.

Men isvanskane i fjorden kan få andre konsekvensar. Båtprodusenten Brødrene Aa i Hyen skal levere ein ny båt i månadsskiftet. Dei har planlagt sjø-setjing og testing frå måndag av.

- Er fjorden islagd då også, har vi eit problem, seier Tor Øyvin Aa. Han set si lit til at mildvêr og vind. Då brukar det normalt berre ta eit par dagar før isen går.