Sunnhordland tingrett finn at tvilen skal koma 45-åringen til gode, ettersom han lir av irritabel tarm som medfører magesmerter og luftopphoping som forsvarar magemassasjen.

Av samme grunn ser retten det ikkje som uhøvisk eller seksuelt krenkande at mannen ofte gjekk rundt i den psykiatriske institusjonen i Kvinnherad berre iført stillongs.

Retten finn ikkje bevis for at pasientane kunne sjå konturane av mannen sin penis medan han utførte desse mageøvingane, heller ikkje at han onanerte under kleda, slik han var skulda for av ei kvinne med psykiske lidingar.

Mannen var omsorgsarbeidar ved institusjonen eit halvt års tid fram til februar i fjor.

Påtalemakta ville gje han 7000 kroner i bot for åtferda si. Men tingretten frikjenner han heilt, og ser dermed heller ikkje det som krenkande at mannen på fleip samanlikna kjønnsorganet sitt med sentralstøvsugaren i institusjonen.

«Retten kan ikkje sjå noko plausibel, fornuftig forklaring på kva som ville vore fleipete eller morosamt ved ei samanlikning av ulike modellar sentralstøvsugarar. Anten ordet kuken blei nytta eller ikkje i den aktuelle samanhengen, fell utsegna ikkje inn under straffelova § 201 bokstav b» (For i ord eller handling å ha utvist seksuelt eller krenkende eller annen uanstendig atferd overfor noen som ikke har samtykket til det), uttalar tingretten.