— Vi er ikkje i tvil om at nokon har tent på, seier Abdolhai Alnaeemi til Bergens Tidende.

Saman med landsmennene Hayder Abed Salman, Hameed Kasar og Hayder Hadi Hussein sat irakaren i tv-rommet på Husnes asylmottak då brannalarmen gjekk. Dei sit ofte og ser på den arabiske tv-stasjonen Al-Jazeera for å få med seg siste nytt i Irak-konflikten, gjerne midt på natta.

— Vi sjekka alle etasjar og merka ingen brann. Vi trudde det var folk som hadde utløyst alarmen på tøys, noko som har skjedd andre laurdagskveldar, seier Alnaeemi.

Klokka var kvart over tre natt til søndag. Dei fire irakarane slo av alarmen og gjekk tilbake til tv-rommet. Like etterpå kom ein person inn og sa at han kjende røyklukt. Då gjekk Abdolhai Alnaeemi ned i kjellaren, der dei ikkje hadde undersøkt første gongen.

- Tjukk røyk velta ut

— Då eg opna døra til vaskerommet, velta det tjukk røyk ut. Eg varsla politiet og vi henta brannslangen. Eg såg at det brann i aviser oppe på ei hylle, og fekk sløkt brannen med vatn, fortel Alnaeemi.

I mellomtida hadde irakarane oppdaga at det brann også i eit bøttekott ved sida av resepsjonen i etasjen over. Dei prøvde å slå på alarmen, men utan hell. Derfor sprang dei frå dør til dør og vekte folk. Røyken var så tett i trappa ved hovudinngongen at mange blei evakuerte ut bakvegen.

Bergens Tidende møter dei fire irakarane på Alnaeemis rom på mottaket. Her har han budd på tolv kvadrat saman med to andre asylsøkjarar sidan han kom til Husnes sist sommar.

Irakarane vil ikkje framstå som heltar. Dei er heller ikkje redde for å bu her etter det som skjedde.

— Konflikten heime i Irak opptek oss langt meir enn brannen. Og vi har vore borti verre faresituasjonar heime, fortel Hayder Abed Salman.

Folk ut og inn

I går var kriminalteknikarar frå Hordaland politidistrikt på Husnes og granska brannstadene på mottaket. Irakarane har ikkje noko formeining om kven som kan stå bak.

— Medan vi sat på tv-rommet, kom det mange folk inn og ut hovuddøra. Det var like etter stengetid på diskoteket, og vi registrerte ikkje kven alle var.

— Vi føler ikkje at vi har fiendar på Husnes som ville gjort noko slikt. Vi har eit greitt forhold til folket her. Det var ein full mann som ropte «Ut av Norge» då vi var evakuerte, men vi tar ikkje slikt så alvorleg, meiner Abdolhai Alnaeemi.

— Natt til i går hadde eg mareritt om at krigen var starta i Irak, og at eg ikkje hadde greidd å varsla slektningane mine heime. Eg har nemleg avtalt å ringja dei straks eg får vita at det er krig, slik at dei får koma seg ut av Bagdad. Dei heime har ikkje tilgong på så mykje nyhendeinformasjon som oss, seier Hayder Abed Salman.

— Vi håpar det ikkje blir krig, men trur det blir. Sjølv om vi hatar Saddam, ønskjer vi ikkje krig. Uskuldige menneske vil døy. Vi kan ikkje stola på at Amerika vil gje oss tryggleik og fridom, Amerika har påført Irak og Midtausten store problem, meiner Hayder Abed Salman.

HINDRA ASYLBRANN: Fire irakiske asylsøkjarar som følgde Al-Jazeeras nyheitssending om Irak-konflikten på fjernsyn hindra ein større brann på Husnes-mottaket natt til søndag. FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR