LES HOVUDSAKA:

Ei av dei første oppgåvene Dag Inge Ulstein (KrF) får som ny sosial— og helsebyråd, blir å løyse saka som fekk forgjengaren, Lisbeth Iversen (KrF), til å kaste korta: Spørsmålet om kvar tiggarar og andre heimlause skal få tilgang til sanitæranlegg i Bergen.

Nå inviterer opposisjonen Ulstein til å nullstille debatten og byrje med blanke ark:

— La oss trekkje pusten, setje oss ned og byrje på nytt. Heile debatten vil ha godt av det, seier Siw-Anita Lien (Ap), som leiar helse- og sosialkomiteen i bystyret.

Byrådet kunngjorde tidlegare denne månaden at Strax-huset, tilbodet for byens tyngste rusmisbrukarar, skal brukast også av heimlause og tiggarar som treng ein dusj. Så gjekk Lisbeth Iversen av, fordi ho vart hetsa etter det opphavlege forslaget om å ta i bruk Sentralbadet.

- Ikkje fagleg forsvarleg

— Om ikkje dette gir grunnlag for ein pust i bakken, så veit ikkje eg. Vi vil invitere Ulstein til å setje seg ned med sosialtenestene og frivillige organisasjonar, som Robin Hood-huset og Kirkens Bymisjon. Så kan dei prøve å finne ei god løysing i fellesskap, seier Erlend Horn, gruppeleiar for Venstre i bystyret.

Dersom den nye byråden er villig til dette, vil Venstre og Ap gje han arbeidsro – ei stund. Vilkåret er at han droppar ideen om å bruke Strax-huset.

— Vi er sikre på at det går an å finne betre løysingar for alle. Å bruke Strax-huset er ikkje fagleg forsvarleg, og ein dårleg ide på alle måtar, seier Lien.

Kommunen arbeider

- Kva slags alternativ vil de sjølve foreslå?

— Vi kunne sikkert kome med ein eller annan ide. Men det er betre å setje seg ned med dei som arbeider med denne gruppa til dagleg, og slik finne ei løysing, seier Horn.

Det har ikkje lykkast BT å få eit svar frå Ulstein.

Kva meiner du? Diskuter saka under: