PER MARIFJÆREN

Men minst to tilsette ved Helse Førde må no takke nei til turen, etter at nye og strengare etiske internreglar er innført.

«Praha, kanskje Europas vakreste by, kontrastenes og overraskelsenes by på breddene av Moldau. Den gylne stad, gudinnen Europas hjerte med hundrevis av spir og det vakreste innenfor gammel og moderne arkitektur (...)».

I blømande ordelag prøver det Bergens-baserte inkassoselskapet Kreditorforeningen Vest å freiste kundar, mellom anna frå offentleg sektor, til å bli med på gratis utanlandstur med heller tynt fagleg innhald.

— Kundens ansvar

Alle foretaka i Helse Vest innfører i desse dagar nye og strengare etiske retningsliner for dei tilsette. Samstundes er fokuset på slike former for kundebehandling skjerpa etter skandalen i Vinmonopolet tidlegare i vinter.

Likevel har Kreditorforeningen Vest valt å halde fram med gratistur-praksisen.

— Vi har hatt ein gjennomgang av dette, og meiner det er kunden som må vurdere korvidt dette er ein tur dei ønskjer å delta på, seier direktør Egil Skarveland i Kreditorforeningen Vest. - Vi gjev dei dette tilbodet, og så blir det opp til kvar einskild å vurdere om dette er akseptabelt for dei. Vi har eit system basert på medlemskap, og dermed har vi visse fordelar for medlemmene. Dette er ikkje noko forsøk på å påverke nokon.

— Er det ikkje litt enkelt å berre seie at dette blir den andre partens ansvar?

— Nei, det tykkjer eg ikkje. Men eg skal erkjenne at vi diskuterte dette litt ekstra i år, etter all fokusen som har vore på slike saker, seier Skarveland, som også har vervet som styreleiar for den landsomfattande Norges Kreditorforbund.

Overfor Bergens Tidende gjev Skarveland elles uttrykk for at slike former for kundebehandling har fått unaturleg stor merksemd i media i det siste.

«Fagleg» byvandring

Turen til den tsjekkiske hovudstaden skal gå frå Flesland om morgonen 14. april, med retur om ettermiddagen laurdag 16.

Innhaldet i dei to faglege øktene er ikkje nærare spesifisert i invitasjonen, ut over at posten «faglig program» fredag inkluderer ei omvising i Praha. Dei utanomfaglege og sosiale postane på programmet er langt meir spesifikke, og omfattar «middag inkludert tsjekkisk aften» og «felles middag i Prahas beste gourmetrestaurant».

Helse Førde påpeikar nettopp desse forholda i sitt svar på invitasjonen, og skriv at det vil vere eit brot på internreglane å delta på ei reise med så svak fagleg profil og utan noko kostnadsdekking frå deira side.

— Det er ikkje ønskjeleg frå Helse Førdes side at vårt kundeforhold til dykk som leverandør er basert på årlege relasjonsbyggande gratisreiser. Vi vil først og fremst ha ein dialog som har eit fokus på kva tenester de kan tilby, til kva prisar og kva resultat som blir levert, heiter det i svarbrevet.

Økonomidirektør Ørjan Sandvik i Helse Førde meiner at problemstillinga med slike tilbod frå leverandørar er velkjent også i offentleg sektor.

— Vi bør alle vere litt på vakt. Ein slik tur med ullen fagleg agenda og null eigendel let seg ikkje foreine med dei interne retningslinene våre, seier Sandvik.

Ingenting er gratis

Sandvik veit frå tidlegare at liknande turar har blitt tilbode innan det offentlege, men ingen Bergens Tidende snakka med i Helse Førde i går kunne stadfeste om tilsette har nytta seg av gratistilbodet frå Kreditorforeningen Vest tidlegare år.

Det har lenge vore vel kjent at legemiddelindustrien og leverandørar av medisinsk utstyr har betalt reiser og seminar for medisinsk personell.

Men også her er fokus skjerpa. Mellom anna valde legemiddelgiganten Astra Zeneca nyleg å stoppe smøringa av legar som deltok på firmaets såkalla rådgjevande møter på St. Olavs Hospital i Trondheim. To tusen kroner var betalinga til legane som stillte opp.

På bakgrunn av alt mediefokuset rundt smøring er økonomidirektøren i helse Førde ein smule forundra over at Kreditorforeningen Vest kom med tilbodet om gratistur nett no.

— Ingenting er gratis, og kostnadene er sjølvsagt bakt inn i dei prisane vi som kunde må betale. Difor er det viktig at vi gjev klare signal tilbake, slik at dei forstår våre interne reglar, seier Ørjan Sandvik ved Helse Førde.

— Kan du sjå bort frå at tilsette i helseforetaket tidlegare har takka ja til smøreturar?

— Nei, det kan eg ikkje. Men det er ikkje mitt fokus no, seier Sandvik.

Har du tips om tilsvarande saker? Tips nyhet@bt.no