Etter at staten overtok som eigar, er alle investeringsbudsjett blitt kraftig reduserte. I praksis er det no full investeringsstopp i Helse Bergen HF.

Alle nye helseføretak i Norge er i same situasjon. No set dei lit til revidert nasjonalbudsjett.

Medisinsk utstyr havarerer sakte, men sikkert. Innføring av avansert IT-utstyr stoppar opp midt i installeringsprosessen. Ein bygning som burde vore kondemnert, er framleis i bruk. Utdaterte elektro-, transport— og ventilasjonsanlegg blir likevel ikkje rusta opp i år.

Slik kan ein fortsetje å ramse opp. Dette er situasjonen ved Haukeland sykehus, vel fire månadar etter at Staten overtok som eigar. Alle investeringsbudsjett er kraftig barbert, og totalt manglar Helse Bergen HF 150 millionar kroner i 2002.

— Dette er svært dramatisk og ikkje til å leve med, seier direktør ved driftsteknisk divisjon, Askjell Utaaker, til BT.

Ikkje business as usual

Store investeringsprosjekt var satt i gang av den tidlegare eigaren, Hordaland fylkeskommune. Innan bygg og anlegg skulle det etter planen investerast for 160 millionar kroner i 2002. Men i år er det kun midlar til å sluttføre påbegynte byggeprosjekt frå 2001.

— I prinsippet har vi ingenting å investere for i år, seier Utaaker.

Budsjettet for investering i IT og medisinsk utstyr er redusert med 65 millionar kroner i år.

— Vi hadde rekna med at det vart "business as usual" etter at vi fekk ny eigar. Men no er vi satt tilbake i tid, meiner direktør for medisinsk servicedivisjon, Helge Bøe.

Også direktør for Medisinsk Divisjon, Svein Hindal, er oppgitt:

— Det er eit paradoks at oljefondet aukar med fleire millionar kroner kvar dag, mens vi må slite med ein driftssituasjon som denne, seier han til BT.

- Forstår det ikkje

Helse Bergen HF har berre ti milllionar kroner til investering i medisinsk utstyr resten av året.

— Dei må vi bruke på dei mest kritiske havaria. Det er nemleg på det medisinske utstyret vi merkar pengemangelen først. For eksempel er røntgenutstyr både på Kysthospitalet Hagevik og Sjukehuset på Voss nærmast havarert, fortel Utaaker.

— Men kvifor har de fått så lite til investeringar i år?

— Vi forstår det ikkje, vi heller. I omlegging til statleg finansiering av helseføretaka må denne budsjettposten ha falle ut.

— Vi veljer å sjå dette som ein saksbehandlingsfeil i overgangen mellom to eigarar. Det er ingenting som tilseier at det skal vere mindre pengar i det nye systemet.

— Kor alvorleg er situasjonen?

— Eg ønskjer ikkje å drive krisemaksimering, men på sikt er dette ikkje til å leve med. Vi er nøydde til å få opp investeringsnivået igjen, seier Utaaker.

Hans håp er at det skjer i revidert nasjonalbudsjett, som kjem i midten av juni.