Miniatyrkyrkjebyggarane Sigmund Nesbø og Torstein Grevle har forlengst fullført oppdraget sitt. Det er halde kranselag for modellen av Vinje gamle kyrkje, og arbeidet er overlevert til eldsjelene for prosjektet, først og fremst Ivar Husdal, John Ove Taule og Roald Lyngvær.

Interiør Men så fann finsnikkarane ut at kyrkja også måtte ha eit interiør, konstruert slik at alt kan takast frå kvarande og setjast saman. Det gir betre innsikt for dei som vil studera detaljar.

Dermed forlangte dei byggverket attende og sette i gang.

I banken No er det lagt kyrkjegolv, sett opp benkar, prekestol, alter, altertavle og det som eller var i den gamle kyrkja. Sjølv om kyrkja er borte for lenge sidan, kunne dei studera detaljane i Flåm kyrkje, som er bygd over same leisten.

Førebels står modellen utstilt i Voss Sparemank. Dei skal kosta ein monter som modellen skal stå i når han kjem på plass i noverande Vinje kyrkje på Vossestrand.

ARNE HOFSETH
ARNE HOFSETH
ARNE HOFSETH