– Vi trur det er interferens som er årsak til

problema på Hjeltnes , seier pressekontakt Henrik Byremo i NTV.

Han fortel at det har vore bestillingstid på ein del av det utstyret som trengst.

– Så fort det let seg gjera skal det folk opp i sendaren for å løysa problemet, seier Byremo.

Lykkast dei, vil bakkenettet fungera som det skal i løpet av komande veke.

NTV har konsesjon på bygging og drift av nettet, og har også ansvar for feilretting.