— Så god karakter har eg aldri fått i matte før, smiler Christopher Grung (17). Han er ein av elevane på Røde Kors sin sommarskule i Bergen, og blant skippertakselevane som tok matte på nytt. Grung gjekk frå stryk til karakteren 4.

Sommarskule-suksess

I år var første gang Røde Kors arrangerte ein tovekers sommarskule. Opplegget som starta rett etter vanleg skuleslutt hadde fokus på matte og norsk og var mynta på elevar i den vidaregåande skulen i Bergen.

Elevar på yrkesfag fekk tilbod om å ta ny eksamen i matte. 100 prosent av desse fekk nettopp beskjed om at dei stod.

— Me er kjempestolt over elevane, at alle stod med god margin, seier Alice Walgermo, prosjektleiar i Røde Kors.

— Dette er supert. No slepp eg å gå eit heilt år med matte om igjen, seier Grung som er i gang med VK1 data og elektronikk.

Forlenging av leksehjelp

Sommarskulen kom i stand på grunn av etterspurnad blant deltakarar på Røde Kors leksehjelp. Målet er at fleire elevar skal fullføra vidaregåande skule. 25 elevar over 15 år deltok på skulen i år.

— Sommarskulen er ein slags forlenging av leksehjelpa, seier Walgermo. Undervisninga har gått føre seg på Røde Kors huset, der fire lærarar og ti frivillige har hjelpt til.

— Eg er heilt imponert over innsatsen som er blitt gjort for oss, seier Nadine Stevens (18) som også sikra mattekarakteren sin i sommar, og er no i gang med lærlingtida i barnehage.

Intensiv kursing

Sommerskuledeltakarane vel sjølv om dei vil ha undervisning i norsk eller matte, og får i løpet av to veker kursing tilsvarande eit halvt år med vanleg undervisning i faget.

— Dette er eit tilbod både for dei som treng lengre tid på faga, og for dei som vil ta noko opp igjen, seier Alice Walgermo, prosjektleiar i Røde Kors.

Kjøkenbordidé i Oslo

I Oslo starta dei med eit sommarskule-prosjektet allereie i fjor. I hovudsak er det elevar på grunnskulen som er med på sommarskulen, men elevar frå vidaregåande får også tilbod om såkalla skippertakskurs. I Oslo er både engelsk, matematikk og naturfag valbare fag, og elevane kan ta ny eksamen i desse.

— Ideen om sommarskule var ein kjøkenbordidé, som verkeleg har slått an, seier initiativtakar Torger Ødegaard, Høgre-byråd for barn og utdanning i Oslo. I år var det 6000 elevar på grunnskule- og vidaregåande nivå som deltok på 225 kurs i Oslo. For elevane på grunnskulenivå har særleg kurset «Leik og lær med symjing og matte» vore populært. I Bergen har vitensenteret VILVITE arrangert to forskarkurs for 1000 barneskuleelevar i sommar.

SAKNA SOMMARSKULEN: - Då sommarjobbinga tok til, sakna eg faktisk sommarskulen litt, vedgår Christopher Grung. Her saman med Nadine Stevens som både er nøgd med det sosiale og den faglege utteljinga av gratis sommarskule.
Valde, Vegar