Mange i det britiske følgjet som tok turen inn til breen med hesteskyssen, er pensjonerte gardbrukarar. Ein av dei skal ha god greie på hestar. Han har fortalt at måten hesten som sprang ut først reagerte på, minna han om reaksjonsmåtar han har sett før hos hestar som får stikk.

— Han har fortalt at hesten blei litt uroleg, og tok til å riste på hovudet. Vi kan ikkje sjå bort frå at dette er årsaka, seier dagleg leiar i Oldedalen Skysslag, Roger Haugen.

Også lensmann Geir Vidhammer meiner insektstikk kan vere forklaringa:

— Om vi nokon gong vil finne årsaka veit eg ikkje. Hesten blei i alle fall skremd av eitt eller anna. Og vi kan ikkje sjå bort frå insektstikk.

Hesteskyssen kan bli stoppa

Politiet føretok i går ei rekkje avhøyr i etterforskinga av saka, både av kuskar, turistar som var med på turen og vitne. Kusken som styrte fjordingen som først sprang ut, hadde dei derimot ikkje snakka med i går ettermiddag. Han ligg på sjukehus med brote kragebein.

Som meldt i gårsdagens Bergens Tidende avgjorde skysslaget alt måndag kveld å stoppe all hesteskyss ut denne sesongen. Og etter den fjerde ulukka på fem år, kan det bli permanent stopp for den tradisjonsrike skyssen.

— Vi meiner vi har gjort det vi kan for å betre tryggleiken. Når vi no blir ute for noko slikt som dette ein gong til, er det klart at det er ei tung stemning her i dag, seier Roger Haugen.

Briksdalsbreen er ein av dei fremste turistattraksjonane i landet. Årleg besøkjer kring 250.000 den spektakulære armen av Jostedalsbreen. Hesteskyssen har vore ein viktig del av reiselivsproduktet, og kvart år har hestane frakta kring 30.000 personar inn til brefronten.