TERJE ULVEDAL

— Etter vårt syn er dette ikkje ei sak som eignar seg for mekling. Dette er eit spørsmål om denne familien skal få vere i Norge eller ikkje. Mekling blir brukt når det kan gå an å finne ei midt på treet-løysing, seier Goud Fjellheim hos Regjeringsadvokaten til Bergens Tidende. Fjellheim er prosessfullmektig for Utlendingsnemnda (UNE) i saka.

Belic-familiens advokat, Sjur Vinje, har tidlegare stilt seg positiv:

— Eg er skuffa. Mitt mål har vore å få familiens sak tatt opp igjen, og at det blir gjort eit nytt asylintervju. Eg meiner dette er ei sak som eignar seg svært godt for mekling.

Intervju utan mor

Tenåringane Tanja og Olga Belic kom til Norge frå Moldova i april 2003. Ein månad tidlegare hadde mor deira flykta. Ho hadde vore aktiv i eit opposisjonsparti, noko som gjorde at heile familien blei utsett for forfølging og trakassering.

Mora reiste fordi ho trudde at dei to jentene då skulle få fred. Men det skjedde ikkje. Dei to blei utsette for vald, og trua med at dei skulle seljast som sexslavar. Ved eit høve blei dei også prøvd tvinga inn i ein bil, men folk som kom til fekk avverja kidnappingsforsøket.

Ulik oppfatning

Hausten 2003 blei dei to jentene kalla inn til asylintervju. Og det er her advokat Vinje meiner Utlendingsdirektoratet (UDI) braut norsk lov. Intervjuet blei gjort utan at mor deira var med. Vinje meiner dette strir mot paragraf 55a i Utlendingsforskrifta, der det heiter at minst ein av foreldra må vere til stades når det blir gjennomført asylintervju med born under 18 år. Advokaten meiner dessutan ei rekkje andre forhold var kritikkverdige under det viktige førsteintervjuet.

Direktoratet og advokaten har total ulik oppfatning av kva som skjedde då mor ikkje fekk vere med. UDI seier mor sjølv ikkje ville ta del, og at jentene difor hadde med seg eit verje.