JOHN LINDEBOTTEN

Sviktande momskompensasjon og auka pensjonsutgifter gjer at driftsrammene i 2005 heller vert innstramma enn utvida, skriv fylkesrådmann Paul M. Nilsen i framlegget til budsjett som vart gjeve ut i dag, 1. oktober.

Denne svikten i inntektene råkar særs uheldig, ettersom det er venta sterk vekst i talet på elevar til den vidaregåande skulen i åra fram til 2008.

I perioden 2003-2012 er det venta ein vekst i talet på 16-18 åringar i fylket på om lag 3000. Den største veksten kjem i Bergens-området med 2300. I 2005 aukar årgangstala med 720, av desse kjem 586 i Bergens-området.

Sparar på løner

Denne utviklinga møter fylket med ny vidaregåande skule i Olsvik, som skal stå ferdig til skulestart hausten 2006. Der vil det vera 420 plassar. På Sørås med skal ny skule med 800 plassar stå klar i 2008. Tilbygg ved Åsane gymnas for 220 elevar kjem i 2007.

Det må likevel sparast. Lønsbudsjetta på skulane må ned med 18,5 millionar. 12,5 millionar kan sparast ved samanslåing av klassar i visse fag. Fylkesrådmannen føreslær og kutt på 1 million i løyvinga til Manger folkehøgskule.

Takstfrys

På samferdselssektoren satsar fylkesrådmannen på å frysa takstane på buss og båt neste år. Og ungdomskortet vert utvida til også å gjelda på snøggbåtar, ferjer og Kystbussen. Då er det verre for dei fylkeskommunale vegane. Regionvegsjefen meiner det er trong for 35 millionar meir til vedlikehald for å oppretthalda vegstandarden, men fylkesrådmannen finn ikkje rom for auke. Fleire bruer krev omfattande vedlikehald. Tofterøy bru er ferdig, og opprusting av Strøno bru og Herdlasund bru har starta. Gamle Nygårdsbru i Bergen treng omfattande opprusting.

Tannhelsa til born og ungdom er framleis dårlegare i Hordaland enn gjennomsnittet for landet. I 2005 vil tannklinikkane Bønes og Ortun i Bergen verta lagde ned og erstatta av ein ny klinikk i Fyllingsdalen.

3,2 milliardar

Budsjettgrunnlaget for 2005 har ei samla driftsramme på 3239 millionar kroner. Skatteinntekter og rammetilskot er på 2651 millionar og inntekter på dei ulike tenesteområda utgjer 588 millionar. Utdanningssektoren sitt budsjett er på 1739 millionar, dvs. 57 prosent av driftsutgiftene. Samferdselssektoren utgjer 18 prosent og kulturbudsjettet over 4 prosent av fylkeskommunen sine driftsutgifter.

Utrekningar syner at fylkeskommunen ved inngangen til 2005 vil ha ei brutto lånegjeld på om lag 1663 millionar kroner.