— Vi tar høgde for at denne etterforskinga vil vare ved, seier Fonn til bt.no.

Dersom Anne Slåtten og drapsmannen ikkje kjente kvarandre, kan politiet stå overfor ei etterforsking der samanlikningar av DNA blir heilt avgjerande. Tirsdag kveld fekk politiet resultatet av analysane av det biologiske materialet frå funnstaden. Alt tyder på at det er snakk om DNA frå drapsmannen, funne under neglene på avdøde.

Politiet har tidlegare stadfesta at det var teikn til kamp på åstaden, og det er ikkje utenkeleg at gjerningsmannen pådrog seg synlege skader som eksempelvis kloremerker.

Men ingen i politiet ønskjer å kommentere resultatet av DNA-analysen, ei heller kor mange prøver som er tatt av andre personar lokalt eller korvidt prøvene alleriee er kjørt opp mot sentrale DNA-register.

Tirsdag kveld gjekk politiet også ut og etterlyste vitner som såg ein mørk personbil kjøre austover langs Hafstadflata like utanfor Førde den fatale morgonen.

— Vi har no fått inn eit par tips om denne bilen, og desse sjekkar vi no ut, seier Fonn, som elles ikkje vil gje opplysningar rundt saka.

Lensmannen har tidlegare sagt overfor bt.no at det finst ein eller fleire drapsmenn der ute som ønsker å følgje med i kva politiet arbeider med, og at han ikkje vil gje ut fleire opplysningar.

— Vi er no i ei fase der vi ikkje vil kommentere konkrete forhold rundt etterforskinga, seier Fonn.

<b>DREPT:</b> Sykepleierstudent Anne Slåtten ble funnet drept mandag 7. juni.
Privat