I 2005 byrja ei gruppe bergensforskarar ein studie for å finne ut om feit fisk kunne betre impulskontrollen hjå fangar ved Bergen fengsel.

I løpet av forsøksperioden fall fleire av forsøkspersonane frå, mellom anna fordi enkelte av fangane selde maten.

— Det gjaldt to fangar, slike fråfall har du i alle undersøkingar, seier forskar Anita Lill Hansen ved Psykologisk fakultet ved UiB, som leia prosjektet.

Materialet frå undersøkinga er no til analyse, men ifølgje Hansen har dei gjort fleire interessante funn.

Det er meininga at funna ifrå Bergen og USA skal sjåast i samanheng, når dei er klare.

— Viss resultata i dei to undersøkingane blir samfallande vil det bli eit viktig bidrag i diskusjonen om ernæring og mental helse, seier ho.