Arbeidet omfattar mellom anna Lærdalstunnelen, sjølv om han berre er seks år gammal. Heller ikkje Borgundtunnelen i Lærdalsdalen slepp unna, sjølv om han vart opna så seint som i 2004.

— Vi tek føre oss så å seia alle tunnelane i kommunane Høyanger, Årdal, Lærdal og Aurland, seier planansvarleg Kolbjørn Nord i Statens vegvesen til Bergens Tidende.

Regionvegsjef Ole Chr. Torpp seier til BT at dette arbeidet ikkje har samanheng med inspeksjonane som Vegdirektoratet har varsla etter raset i Haneikleivtunnelen i Vestfold.

Mesta lågast

Mange av tunnelane i Sogn og Fjordane er gamle. Ein av dei eldste er ein tunnel sør for Vadheim, på vegen mot Høyanger. Så kjem Høyangertunnelen, som vart opna i 1982. Den gongen var han lengst i landet med sine 7,5 kilometer.

Gudvangatunnelen og Flengjatunnelen mellom Gudvangen og Flåm er båe over 15 år gamle. Likeins skal Sogn og Fjordane sine tunnelar på Rv. 50 Aurland-Hol sikrast.

Alt i alt står 63 tunnelar på lista over dei som skal reinskast og sikrast.

Entreprenørselskapet Mesta står sterkt i kampen om kontraktane for dette arbeidet. Selskapet har levert det lågaste tilbodet både for tunnelane i Sogn og tunnelane i Fjordane, med ein samla pris på til saman 41 millionar kroner.

Men Kolbjørn Nord strekar under at oppdraget enno ikkje er tildelt.

Kort frist

I Fjordane distrikt står 50 tunnelar på oppdragslista, med ei samla lengd på 22 kilometer. Mange av desse tunnelane er i ytre Sunnfjord, på Rv. 606, 607, 611 og 614. I tillegg gjeld oppdraget tunnelar på Rv. 57, Rv. 5 og E 39.

Tidsfristen for tunneloppdraget, 31. oktober, tyder at entreprenøren som får tilslaget berre har rundt eit halvt år til å gjera jobben. Distriktssjef i Mesta, Kjell Asbjørn Næss, reknar med å nytta to skift dersom dei får klarsignal frå Statens vegvesen.