I ei pressemelding frå støttegruppa heiter det:

Støttegruppa for familien Belik i Aurland har motteke mange meldingar frå folk over heile landet som ønskjer å støtte søknaden deira om opphald i Noreg på humanitært grunnlag.

Støttegruppa startar difor no ein landsomfattande innsamlingsaksjon, for å gje familien økonomisk grunnlag til å anke saka inn for lagmannsretten. Vedlagt følgjer ein appell som vi vonar de vil gje spalteplass og evt. redaksjonell omtale.

Det har vore ei stor personleg belastning for familien Belik å få så sterkt fokus på seg over så lang tid, men dei vonar at deira offer vil tene både deira eiga sak og betre situasjonen for andre i same situasjon, som kanskje ikkje får så stor merksemd om saka si. Dersom denne innsamlingsaksjonen går godt vil det bli oppretta ei stifting med føremål å gje økonomisk støtte til andre som vert offer for traficing fortrinnsvis frå Moldova.