Personane som har engasjert seg i innsamlingsaksjonen vil ikkje å stå fram med namn. Også dei som gjev skal vere anonyme.

— Vi ønskjer ikkje at jenta i ettertid skal kjenne på at ho står i gjeld til dei som gjev sin skjerv, seier ein av dei som er involverte i aksjonen til Bergens Tidende.

Kvardagslege ting

Det var i midten av denne veka at det blei avgjort å dra i gang innsamlingsaksjonen. Initiativtakarane har som mål at dei i første omgang skal bruke dei innsamla midlane på det ei 16 år gammal jente har behov for, og som ikkje blir dekka direkte gjennom forsikringsselskapet eller det offentlege. Dei som står bak aksjonen tenkjer konkret på musikk, datautstyr, klede og andre ting som dei fleste ungdommar i 16-årsalderen har.

— Jenta har mista mor og bror. Det er trist nok, om ikkje kvardagslege manglar skal leggje stein til børa.

Kontonummer til innsamlingsaksjonen er 3705.09.75100. — Vi oppmodar folk om å gje ein anonym skjerv, seier florøværingen Bergens Tidende snakka med i går.

Har fått advokat

Advokat Rune Tysse skal hjelpe jenta juridisk. Han skal fungere som kontaktperson for innsamlinga.

— Frå familiens side er det eit ønskje at eg skal ta hand om innsamlinga, seier førdeadvokaten, som er best kjend som bistandsadvokat for foreldra til Anne Slåtten. Tysse har hatt sitt første møte med jenta som overlevde den tragiske brannen. Han skal hjelpe 16-åringen med det kommande forsikringsoppgjeret.

— I tillegg skal det oppnemnast verge for min klient, noko eg også skal hjelpe til med, seier Tysse.

Jentas mor og ni år gamle bror omkom i dødsbrannen natt til fredag 9. desember. Faren blei sikta for å ha sett på brannen, men er no utanfor mistanke.