Vogntoget vart stogga på Voss i januar 2004. Bak pallar med popapir og svart plass var dei beslaglagde drikkevarene funnen.

Smuglarane er no dømd til fengsel i ni, sju og fire månader i tillegg til inndraginga.

Fordi retten manglar opplysningar om det samla kvantumet som er smugla, er dei tre skjønsmessig dømd for smugling av 20 pallar øl, tilsvarande 890 liter sprit (96%).

Føraren av vogntoget er frå Austlandet, dei to andre frå bergensområdet. Har dei tre vore vener, så var det lite att av venskapen då saka kom for retten. Det hagla med påstandar og løgn, falske underskrifter og fabrikkerte kontraktar. Ei kontrakt vart funnen av politiet under ransaking av bilen, lettare gøymt mellom to knekkebrød.

– Planta bevis, hevda bilføraren.

– Minimalt å seia for skuldspørsmålet, seier retten.