Politiet har pågripe mannen som i føremiddag braut seg inn i eit bustadhus i Florø og skadde huseigaren.

– Han samarbeidde ikkje under pågripinga, så vi måtte leggje han i bakken. Mannen var kraftig rusa, fortel politistasjonssjef i Florø, Nils Erik Eggen.

Tjuven skal vere rundt 30 år, og er ein kjenning av politiet. Han kjem ikkje opphavleg frå Florø, men skal ha opphalde seg i byen siste tida.

Det ar like før klokka 11 ein nabo ante uråd etter å ha sett mannen ved eit bustadhus som er under oppussing i sentrum. Naboen ringde huseigar, som då han kom til huset møtte tjuven inne i huset. Dei to skal ha slåst både inne i huset og utanfor.

Tjuven greidde til slutt å kome seg unna. Han skal mellom anna ha påført huseigaren eit kraftig slag i hovudet med ein lysestake han hadde teke frå huset. Huseigaren blei så skadd at ambulanse kom til staden, og han blei køyrd til legesjekk.

Etter dramaet som fleire skremde naboar opplevde på nært hald, stal tjuven også ein bil. Fire-fem politifolk leitte etter mannen, og pågreip han ved den stolne bilen knapt to timar etter innbrotet.