Den første innbrotsalarmen gjekk klokka 02.30 natt til tysdag på Coop i Naustdal.

Då tilsette ved bensinstasjonen i same bygd kom på jobb oppdaga dei at det også der hadde vore innbrot.

Klokka 06.32 gjekk alarmen i Amfisenteret i Florø. Her hadde tjuvane knust ei rute for å kome seg inn.

– Vi har ikkje oversikt over kor mykje som er tatt, men det er kontantar vedkomande har gått etter, seier operasjonsleiar Kjell Fonn i Sogn og Fjordane politidistrikt

Kassaapparat funne

I morgontimane i dag blei det funne eit kassaapparat ved Førde ungdomsskule. Det viste seg at apparatet stamma frå Sogn og Fjordane kunstmuseum, der det også hadde vore innbrot i løpet av natta. Tjuvane nøya seg med kassaapparatet, og lot kunsten på veggen vere i fred.

Klokka 03.43 fekk politiet ei ny melding om innbrot på ein bensinstasjon i Kaupanger. Her har tjuvane vore på jakt etter tobakk.

Politiet etterforskar innbrota.

– Vi kan ikkje utelukke at dei samme gjerningsmennene kan stå bak fleire av innbrota, seier Fonn.