Stadene som har hatt innbrot natt til onsdag, er Coop Mega i sentrum, Fylkestannlegeklinikken ved Høyanger vidaregåande skule, Amira's Kro ved rutebilstasjonen, og både ungdomsskule— og barneskulebygget ved Høyanger. Det melder Firda.no.

— Vi har vitne som har sett vedkommande i aksjon på ein av stadene. Den mistenkte er ein mann i 30-åra som politiet kjenner identiteten til, og vi vil freiste kontakt med han, opplyser Høyanger-lensmann Olav Hellebø til nettavisa.

På Coop-butikken er det knust fleire ruter, medan ein del tobakk- og sigarettpakkar er stole frå kroa. Det er også gjort skadeverk i dei andre bygga.