Overfor politiet har sunnfjordingen oppgitt eit todelt motiv for den lange innbrotsrekka mot den vidaregåande skulen i Førde:

Han ville skaffe seg pengar, samtidig som han ville hemne seg på skuleverket.

Hemn mot skuleverket

Dette gjorde han ved å bryte seg inn, stele og øydelegge for store verdiar. Innbrota skjedde i perioden frå våren 2002 til hausten 2004.

Fjordane tingrett har no dømt mannen til 150 timars samfunnsteneste og til å betale over ein kvart million kroner i erstatning — det aller meste av beløpet til skuleeigaren Sogn og Fjordane fylkeskommune.

— I avhøyr oppgav han motivet som dels å skaffe seg pengar, dels hemn mot skuleverket, opplyser politiadvokat Sissel Kleiven.

23-åringen vart aldri tatt på fersken under nokon innbrota, som også omfatta eit innbrot på eit tannlegekontor samt innbrot ved eit kurssenter i Førde.

Utbyttet vart svært varierande frå gang til gang - alt frå berre skadeverk og tilsvining til grove tjuveri av kontantar, datautstyr, DVD-spelarar, matvarer og videoprosjektorar. Ved nokre av dei elleve innbrota brukte mannen nøkkel han hadde stole ved tidlegare innbrot der.

Aldri tatt på fersken

Ved eitt av innbrota på Øyrane Vidaregåande skule gjorde 23-åringen dessutan storfangst av alkohol, ettersom han fann 22 flasker vin og brennevin som han tok med seg frå kontorfløyen på skulen.

I ettertid har sunnfjordingen sjølv vore sterkt medverkande til at innbrotsraidet mot skulen i heile tatt vart oppklara, opplyser politiet.

— Han vart jo ikkje oppdaga på fersk gjerning under eitt einaste av av alle desse innbrota. Men han vart etterkvart innkalla til avhøyr som vitne, og da erkjente han samtlege innbrot, fortel politiadvokat Sissel Kleiven. - Mange av innbrota ville nok aldri blitt oppklara, dersom han ikkje hadde samarbeidd med politiet og forklart seg i detalj om dei.

Dermed slapp 23-åringen med samfunnstraff, alternativt fem månaders fengsel - ei straffutmåling som er i samsvar med politiets forslag.

I ettertid blir det kanskje erstatningssummen på drygt 255.000 kroner som svir mest for den tidlegare eleven.