Selskapet Blid Bolig hadde på oppdrag frå huseigaren innreia to av dei nyoppussa husværa med alt frå møblar til kunst, for å gjere dei presentable til salsvisingar.

— Det forsvann både kunstverk, pyntegjenstandar, sengety, puter og dyner, seier dagleg leiar Birthe Gunnarsen.

Dei forsvunne sakene vart erstatta - berre for å bli ramma av brannen i går.

— Vi skal gå igjennom skadane på sakene over helga. Eg ser ikkje bort frå at vi kan ha fått øydelagt ting for 100.000 kroner, seier Gunnarsen.

— Vi hadde både sett inn fleire eksklusive møblar og originalkunst verd mange tusen kroner, seier Gunnarsen.

Brannen i går tok til i andre etasje av Sverres gate 10, på baksida. Her var det sett opp eit stillas, og det er tilgang til baksida av huset via bakgarden.

— Huset bar preg av at det var ein byggjeplass, seier utrykkingssjef Arvid Johannessen i Bergen Brannvesen.

Politiet ville ikkje uttale seg om brannårsaka i går.

— Det er så langt ingenting som gjer at vi trur brannen var påtent. Men teknikarane er ikkje ferdige ennå, seier operasjonssjef Asbjørn Andersen i Hordaland politidistrikt.