— Dei tre personane er mistenkte for å ha tatt seg inn på eit hotellrom, der det blei tatt ei veske med innhald og ein del alkohol, seier operasjonsleiar Inge Verøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Kvinna og dei to mennene sit no i arresten, og vil bli avhøyrde i løpet av dagen.

Politiet fekk melding om innbrota klokka 00.45.